Medisinsk avstandsoppfølgingMedisinsk avstandsoppfølging er eit nasjonalt pilotprosjekt som Eid legekontor deltek i. Pilotprosjektet er eit samarbeid mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene, fastlegane og spesialisthelsetenesta. Målet med prosjektet er å få meir kunnskap om korleis medisinsk avstandsoppfølging påverkar den fysiske og psykiske helsa til pasientane og om nytteverdien ved medisinsk avstandsoppfølging. Det er fastlegen din som avgjer om du kan vere med og prøve ut medisinsk avstandsoppfølging. Pasienten sjølv eller pårørande kan ta kontakt med fastlegen med ønske om å delta i prosjektet. Andre helseaktørar som til dømes heimeteneste og bu- og miljøteneste kan også rekruttere pasientar til prosjektet. Ta gjerne kontakt! Publisert04.11.2019 22.30 Sist endra02.02.2020 12.23