MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Psykolog

Psykolog

Stad kommune er vertskommune for interkommunal psykolog. Vi deler psykologen med Bremanger, Gloppen og Stryn. Målgruppa til psykologen er barn, unge og familiar. Psykologen er med på å førebyggje psykiske problem ved å delta i samarbeidsmøte og rettleie andre faggrupper.

Psykologen tilbyr ikkje individretta behandling, men arbeider på systemnivå som rådgjevar og rettleiar.

Kommunepsykoloen samarbeider med helsesjukepleiar, psykisk helseteam, PPT og tilsette i barnehagar og skular.

Målet er at psykologen skal bidra til kompetanseheving bidra til betre psykisk helse for barn og unge. 

Du får kontakt med psykologen gjennom bruk av andre tenester i Stad kommune.