SEPREP Tverrfagleg utdanningsprogramSEPREP Tverrfaglig Utdanningsprogram (SEPREP TU) er ei toårig, tverrfagleg vidareutdanning for tilsette i kommunane og spesialisthelsetenesta som har behandlings- og oppfølgingsansvar for menneske med psykoseproblematikk/alvorlege psykiske lidingar og ruslidingar.Utdanninga er eit samarbeid mellom VID Oslo, Stad kommune og Nordfjord psykiatrisenter. Oppstart januar 16. og 17. januar 2025, 2 år deltid, 60 stp. Vi har nok søkjarar til at studiet startar opp, men har plass til fleire. Søknadsmulighetene lukkast om studiet vert fullt før detteSøknadsfrist er 14.12.2024Samlingsplanen finn de her (DOCX, 24 kB) Viktig informasjon om studiet SEPREP (Senter for psykoterapi og psykososial rehabilitering ved psykoser) Tverrfaglig Utdanningsprogram (SEPREP TU) er ei desentralisert utdanning kor dei som skal samarbeide om personar med alvorlege psykiske lidingar og ruslidingar, i heile Noreg, utdannar seg saman. Vi har fokus på behandling, rehabilitering og oppfølging av menneske med alvorlege psykiske lidingar og ruslidingar for tilsette i kommunane og spesialisthelsetenesta.Utdanninga er eit samarbeid mellom VID Oslo, Stad kommune og Nordfjord psykiatrisenter. Studiet har oppstart januar 2025, 2 år deltid, 60 stp. Mulighet for master i relasjonsarbeid vidare i VID-systemet.Søknadsfrist er 14.12.2024Opptaket er lokalt og blir behandla i styringsgruppa, med endeleg godkjenning av VID. Det er lagt opp til inntak av ca. 40 studentar. Det er krav om bachelor, og samtidig utøving av faget gjennom utdanninga. Det blir ei to dagars samling pr månad, med førelesingar og rettleiing. Erfaringskompetanse frå brukar og pårørande er også vektlagt i studiet.Oppmøte på Nordfjordeid. Studieinnhaldet gir viktig kompetanse i arbeidet rundt målgruppa, og er ei praksisnær utdanning. Studiet har vore arrangert 2 gonger før i Nordfjord med ca 10 års mellomrom, med veldig gode tilbakemeldingar frå studentar og arbeidsgjevarar. Det er no kome meir formelle krav i studiet enn det var før, så det er viktig å vere klar over at det også vert eigenstudie ut over samlingane. Gjennom ei avtale med arbeidsgjevar vil ein kunne få lagt til rette for fri til samlingar og rettleiingsgrupper og eksamen. Lenke til meir informasjon frå høgskulen om studiet:https://www.vid.no/studier/seprep/ VID Flyer SEPREP TU Nordfjord 2025-2026_v2 (PDF, 5 MB)Treng du ein alternativ stad for å kunne studere i ro mellom samlingane og til eksamen, så har vi inngått eit samarbeid med Inviro Nordfjord Studiehub omkring leseplass. Lenke til meir informasjon og booking av leseplass: https://studiehub.no/studentstova Avtale mellom student og arbeidsgjevar Avtalen må skrivast ut og skal signerast av student og arbeidsgjevar.Ta bilete av signert avtale og last opp i søknadsskjema. Skjema for avtale med student og studentens arbeidsgjevar 2024 (DOCX, 43 kB) Søk her Søknadsskjema SEPREP Tverrfagleg utdanning Spørsmål om opptak? Ta kontakt med:Anne Terese Eikelandlokal koordinator400 35 058anne.terese.eikeland@stad.kommune.no Publisert 31.05.2024 10.07 Sist endra 03.12.2024 13.26