MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Omsorgsbustad

Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er for deg som på grunn av sjukdom, alder eller funksjonshemming har vanskar med å bu i vanleg bustad. Omsorgsbustaden er heimen din, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold. Stad kommune har omsorgsbustader fleire stader i kommunen, både på Nordfjordeid, Bryggja, Flatraket, Selje og på Stadtlandet.

Kven kan få tilbod om omsorgsbustad?

  • Du må vere over 18 år og vere busett i Stad kommune
  • Du må ha ein helsesvikt eller vere fysisk eller psykisk funksjonshemma
  • Din noverande bustad må vere lite funksjonell og kan i liten grad tilpassast
  • Omsorgsbehovet må vere av varig karakter
  • Andre hjelpetiltak eller tilpassing av heimen skal vere utprøvd
  • Omsorgsbustad kan bli tildelt som ei mellombels løysing, dersom det kan betre funksjonsevna og du kan flytte tilbake til eigen bustad seinare
  • Tildeling av omsorgsbustad vil hindre eller utsetje institusjonsopphald

Søknad

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge ved. Du brukar felles søknadsskjema om helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Det er ikkje søknadsfrist. Søknadene vert behandla fortløpande.

Her kan du søkje om helse- og omsorgstenester

Prisar

Kommunestyret fastset husleigeprisane årleg.

Betalingssatsar i Stad kommune

Behandling av søknad

Søknad om omsorgsbustad vert behandla av tildelingsteamet i Stad kommune. Søknad vert vurdert med grunnlag i innhenta informasjon og funksjonsvurdering (IPLOS). Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak.

Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen din. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med tildelingsteamet i Stad kommune. 

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstjenesteloven