Tenestestandard Stad kommune

Tenestestandard Stad kommune

Målsetting for helse- og omsorgstenestene i Stad kommune

Hovudmålet til den kommunale helse- og omsorgssektoren er å gje tenester med god kvalitet gjennom brukardeltaking og kompetente medarbeidarar, kombinert med at tenestene blir gjeve innanfor økonomiske rammer.

Kommunen ynskjer flest mogleg gode leveår for alle, og reduserte sosiale forskjellar i befolkninga. Helse og omsorgstenestene i kommunen skal ut frå gitte rammer, langsiktig og heilheitleg planlegging, god nytte av kompetanse og fleksibelt ressursbruk, arbeide for å yte riktige tenester på riktig nivå. Eit likeverdig tenestetilbod og den enkelte brukars behov for tenester skal stå i fokus. Tenestene skal gjennom gjensidigheit, bidra til økt livskvalitet og eigenmestring der målet er at alle kan bu i eigen heim så lenge som mogleg.

Saman med sentrale føringar er dette dokumentet meint å vere rettleiande for kommunen sine innbyggarar og tilsette. Målet er å skape ei felles forståing for nivået på tenestene som vert ytt med bakgrunn i myndigheitskrav, politisk prioritering, faglege og juridiske vurderingar.

Ein tenestestandard er å forstå som ei skildring av omfang og innhald i ei teneste. Standardane skal vidare seie noko om formålet med tenesta, samt målgruppe og vilkår for tildeling. Dei skal også seie noko om kva tenestemottakarane kan forvente seg av kommunen, og kva kommunen kan forvente av tenestemottakarane.

Her kan du lese tenestestandard for Stad kommune (PDF, 956 kB)

Kontakt

Barbro Longva
Kommunalsjef helse og omsorg
E-post
Mobil 928 55 900