Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken i Stad kommune skal gje kulturelle opplevingar til eldre på dei arenaene dei er på i dagleglivet. 

Den kulturelle spaserstokken (DKSS) er ei tilskotsordning, der midlane skal brukast på kunst- og kulturaktivitetar til eldre. Tilboda gjennom DKSS i Stad kommune blir utarbeida og organiserte av kultureininga og helse- og omsorgseininga. 

Midlane som er knytte til DKSS skal nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå. Det er viktig at aktivitetane skjer på dei arenaene der eldre ferdast og oppheld seg i dagleglivet. Aktivitetane blir arrangert gjennom heile året, på ulike arenaer og på ulike tidspunkt på dagen. 

Konsertar

Vi arrangerer ulike konsertar gjennom året, både med lokale, regionale og nasjonale aktørar. Dette er både opne konsertar der alle som vil kan kome, og konsertar for bebuarar på institusjonar og bemanna boligar. Lag og organisasjonar kan vere med-arrangørar, ta kontakt med oss dersom du har ein ide til dette! 

Kinovenn

Kjenner du nokon som kunne tenkt seg ein tur på kino, men kanskje treng litt hjelp for å kome seg dit? Ta med deg ein du kjenner som treng følgje på kino, så betalar DKSS for billetten din.

Ordninga kan førebels nyttast på dagvisningane til Stad kino i Operahuset Nordfjord, og på alle visningane til Bygdekinoen på Selje samfunnshus, Kjølsdalen samfunnshus, Barmen grendahus og Ervik grendahus. Billettane ordnar du ved inngangen. 

Demenskor

Stad kommune startar opp Stad demenskor i februar 2023, og delar av DKSS-midlane går inn i dette prosjektet. Demenskoret er eit samarbeid mellom frivilligsentralane, heimetenesta, hukommelsesteamet, kultureininga og Stad demensforening. Du kan lese meir om dette prosjektet og korleis ein melder seg på her. 

Kontaktperson for Den kulturelle spaserstokken i Stad kommune

Janne Mari Hjelle

janne.mari.hjelle@stad.kommune.no