Kom med dine innspel!

Kom med dine innspel!

Stad kommune har starta arbeidet med temaplan for kultur. No vil vi ha dine tankar og innspel! 

Stad kommune har som målsetting å vere ein av Noregs beste kulturkommunar. Når vi no går i gang med å skrive kulturplan for 2023-2035, er formålet å beskrive korleis Stad kommune saman med det frivillige og profesjonelle kulturlivet skal jobbe for å nå dette målet. Saman skal vi bli verdas beste vesle kulturStad! 

I denne prosessen er det viktig at vi får vite kva innbyggjarane våre tenkjer om kulturlivet i Stad! Er du nøgd? Er det noko du saknar? Er det noko vi kan legge til rette slik at kulturlivet blir endå betre? Gje oss dine tankar og innspel og ver med på å skape framtidas beste vesle kulturStad! Dette kan du gjere på fleire ulike måtar: 

Svar på spørjeskjema
Set av 5 minutt og svar på spørjeskjemaet du finn under! Du kan svare både som privatperson og på vegne av eit lag eller ein organisasjon. I dette skjemaet kan du også laste opp dokument dersom du ynskjer å gje oss lengre eller utfyllande svar på nokre av spørsmåla. Merk at grunna GDPR-reglar for personvern treng du bankID for å kunne gjennomføre spørjeskjemaet.

Her finn du spørjeskjema til temaplan for kultur

Send oss ein e-post
Du kan også sende dine innspel til oss på e-post. Bruk adressa post@stad.kommune.no og merk med "kulturplan" i emnefeltet. 

Lat oss bli verdas beste vesle kulturStad saman!