Lokale tranpsortmidlar for ungdom (LTU)

Kvart år søkjer Stad kommune Vestland fylkeskommune om lokale transportmidlar for ungdom (LTU). 
Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år.

Midlane kan nyttast til transport av ungdom til og frå ulike fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld.

Prosjektgruppa for LTU midlane består av ein sakshandsamar i kulturavdelinga og Stad ungdomsråd.
Som saman sett opp søknad om kva midlane skal gå til og kva eigenandelen skal vere.

Midlane går til rusfrie og opne ungdomsarrangement innan i Stad kommune. 
Eigenandelen variera litt. Fleste turane er på kr. 20 ein veg per person, men nokon turar er gratis. 

Midlane er organisert slik:
- lag/org og andre som arrangera faste og opne møteplassar for målgruppa kan ta kontakt.
Om tilbodet er innanfor LTU kriterier kan ein skrive avtale om å nytte seg av skyss tilbodet.
Då er det leiar /ansvarleg for møteplassen som bestiller skyss etter behov.
(I hovudsak gjeld dette retur/skyss heim)
Dette gjeld ungdomsklubbar og ungdomstreff som har fast intervall. 
-Ved ein gangs eller pop up ungdomsarrangement i regi av kommunen eller avtale med andre aktørar, blir skyssen organisert av sakshandamar for LTU. Her blir det publisert og nytta digitale påmeldingsskjema som ein skal gjere kjend i samband med marknadsføringa av det gjeldande arrangementet. 
NB! Nokon har skyss heim og nokon har skyss t/r. Og eigenadelen vil variere noko.
Ved påmelding er det derfor viktig å lese kva som gjeld det arrangementet /aktiviteten du skal på.

Påmeldingsskjema vil ligge i kvart arrangement som ein har dette tilbodet til.
Blant anna i kalenderen til Stad kommune. 

På sikt vil det vere mogleg for ungdom, lokale lag og organisasjonar  ev. andre som planlegg ungdomsarrangement, å søkje om transport støtte. Elektronisk skjema blir då gjort tilgjengeleg her.  Fram til då ta kontakt med sakshandsamar for LTU om ein vil høyre om det er mulig å få støtte.

Kontaktperson /sakshandsamar i Stad kommune: Maria Helgesen, 578 85 800. 
maria.helgesen@stad.kommune.no