Sunnivafestivalen 28.-29. augustStad kommune og Den norske kyrkja ved Stad kyrkjelege fellesråd ynskjer hjarteleg velkomen til Sunnivafestivalen i Selje, 28. og 29. august 2020.I år er det 850 år sidan Sta. Sunniva sine leivningar vart flytta frå Selja til Bergen.I den samanheng vert det arrangert ein kystpilegrimsseglas frå Selja til Bergen med ein kopi av Sunnivaskrinet. Skrinet skal vere eit symbol for vår rike historie, og på stoppestadane langs leia vil konfirmantar og andre fylle skrinet med papirblomar med bøner og draumar for framtida. Seglasen startar frå Selja den 29. august ca. kl. 12.00 og skal komme til Bergen laurdag den 5. september - med påfølgjande markering der. Sunnivafestivalen i Bergen.Skrinet blir frakta i kulturhistoriske båtar som avløyser kvarandre undervegs, og som også har stopp på historiske stadar på ferda. I Selje vil vi markere hendinga med eit rikhaldig program, der vi startar med frukostmøte på Stad hotell den 28. august kl. 08.30. Her vil tema vere berekraftig reiseliv, og m.a. vil FN-sambandet vere til stades og snakke om FN sine berekraftsmål. FN-sambandet skal også ha undervisning med skuleelevar både fredag og laurdag med påfølgjande strandrydding. Fredag kveld kl. 20 00 blir det kveldsbøn i Selje kyrkje og fakkeltog med skrinet til båten som skal frakte skrinet ut på klosteret. Ungdomar frå ulike trussamfunn vil vere med å bere skrinet, og følgje det vidare på ferda til Bergen.Det vert opent hus i Selje pilegrimsstove og utstillingane der både fredag og laurdag. Laurdag vert det guida tur over Selja med Stadt Naturguiding. Turen startar kl. 08.30 og ein er framme ved Selja kloster til gudstenesta kl. 11. Det vert marknad og stands i Selje Sentrum laurdag frå kl. 12.00. Bua er open, og på ettermiddagen vert det konsert med Ytre Nordfjord Brass i parken. Dersom du ynskjer marknadsplass denne dagen kan du ta kontakt på telefon 976 67 611 eller e-post gunnrvh@gmail.com innan 21.august.Invitasjon Sunnivafestivalen (PDF, 303 kB) Sunnivaseglas.no Arrangement - frukostmøte Stad vekst Arrangement - Tur over Selja - Sunnivafestival med Stad naturguiding Seljamonastery.no - booking og båtruter til Selja Publisert17.08.2020 15.00 Sist endra20.08.2020 16.12