MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Kulturprisane 2020

Kulturprisane 2020

Stad kommune deler ut ungdommens kulturpris og kulturprisen 2020 i siste kommunestyremøte før jul.

No kan du vere med å foreslå kandidatar til desse kulturprisane.

Kulturprisen:
-    skal vere ein heider til mottakar og ei støtte for arbeidet med kunstnarleg og kulturell verksemd i kommunen.
-    kan gjevast til ein person, eller i særlege høve delast mellom fleire personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. 
-    er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

Ungdomens kulturpris
-    skal stimulere til vidare satsing, og skal vere med å dekkje utgifter i samband med konkurransar, samlingar, utdanning eller andre oppgåver.
-    kan tildelast ein utøvar, delast på fleire kandidatar, ei gruppe av utøvarar eller til ein ungdomsleiar som har oppnådd ein prestasjon, eit resultat eller eit nivå som er utanom det vanlege innan kulturlivet i kommunen.
-    skal gjevast til personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. Mottakar av Ungdomens kulturpris må vere under 25 år og må vere busett i Stad kommune. For grupper må gjennomsnittsalderen ikkje vere over 25 år.
-    er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

Tildelinga av kulturprisane blir offentleg når det faste utvalet for kultursaker har treft vedtak i saka og blir utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul.
Enkeltpersonar, grupper eller organisasjonar kan kome med godt grunngjevne forslag til kandidatar. Forslag kan sendast inn heile året, men seinast innan den fristen som kjem fram i utlysinga. Send forslaga til post@stad.kommune.no .
 

Kriteria for tildeling av kulturprisane finn du her.