VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Spel norsk 2020

Spel norsk 2020

Stad kommune er ein av seks kommunar i landet som er inviterte til å delta på festvalveka Spel norsk, som går føre seg 21. - 29. mars! 

Klikk for stort bilete

Stad er den einaste kommunen i heile vest-Noreg, dei øvrige deltakarkommunene er Åfjord, Røst, Alta, Nesodden og Lyngdal. 

Festivalen vart starta av Norsk Komponistforening og NOPA, og pågår i veka som leiar opp til Spellemannpris-utdelinga laurdag 28. mars. Samstundes går prosjektet #hørnorsk, ei veke der ein løftar norsk musikk litt ekstra gjennom fjernsyn og radio. 

Festivalen skal sette fokus på norsk musikkliv, norske komponistar og norske låtskrivarar, og er til for at publikum skal kunne få oppleve meir av all den norske musikken som finnast. Målet med festivalen er å skape lokale arrangement der publikum kan få møte eit mangfald av norsk musikk i alle sjangrar, og med både barn, ungdom og vaksne som aktørar. 

Har du eller ditt lag lyst å vere med på festivalen? Les meir her om kva og korleis du kan bidra, eller ta kontakt med oss for å få med ditt arrangement med! 

 

Kontaktpersonar: 
Janne Mari Hjelle 
E-post: janne.mari.hjelle@stad.kommune.no
Tlf: 970 96 997

Maria Helgesen
E-post: maria.helgesen@stad.kommune.no
Tlf: 958 69 223

 


Desse arrangementa er med, og lista veks stadig 

LAURDAG 21.MARS

Kl. 16:00 Korpsbasar m/Selje og Stadlandet skulekorps
Stad: Gymsalen, Stadlandet skule

SØNDAG 22. MARS

Kl. 11:00 - Gudsteneste i Selje kyrkje
Kl. 11:00 - Gudsteneste i Eid kyrkje
Det blir berre sunge norske salmar denne dagen.

Kl. 15:00 - Open øving med Helgesenkoret.
Stad: Selje skule, musikkrommet
Gratis inngang!

Kl. 16:00 - Musikkafe med Eid musikklag, Eid barnekor og Eid ungdomskor. Sal av mat, kaffi og årer.
Stad: Valhall, Nordfjordeid
Gratis inngang!

Kl. 16:00 - Basar med Selje og Stadlandet skulekorps
Stad: Gymsalen, Selje skule
Gratis inngang!



MÅNDAG 23. MARS

Kl. 10:00 - 18:00 Ope Bakeri
Med norsk musikk, smaksprøve og spesialtilbod på norsk tradisjonsbakst.
Stad: Bakerie på Bryggja

Kl. 13:00 - Visningar av utvalde norske Melodi Grand Prix-finalar frå 1960 og oppover
Stad: Selje frivilligsentral/ biblioteket
Gratis!
Facebook-arrangement her.

Kl. 18:00 - Yoga med norsk musikk
Stad: Bygda Yogaskule, Årvika på Stadlandet
Dropin: 180 kr (150 kr om du har klippekort)

Kl. 19:00 - 20:00  - Zumba Fitness med litt norsk musikk 
Stad: Stadlandet Grendahus
Aldersgrense 8. kl og opp
Drop in 60/100 

 


TYSDAG 24. MARS

Kl. 10:00 – Konsert med Tysdagsgjengen
Stad: Gymmen Scene, Nordfjordeid
Gratis inngang!

Kl. 10:00 - 18:00 Ope Bakeri
Med norsk musikk, smaksprøve og spesialtilbod på norsk tradisjonsbakst
Stad: Bakerie på Bryggja

Dagtid: Gjerdane barnehage besøkjer Hogatunet omsorgssenter og syng norsk!

Kl. 11:00 - Open korøving med Flatraket skulekor
Barnehagen og bygdefolket er velkomne til å delta på korøvinga.
Stad: Flatraket skule
Gratis!

Kl. 13:00 - Visningar av utvalde norske Melodi Grand Prix-finalar frå 1960 og oppover
Stad: Selje frivilligsentral/ biblioteket
Gratis!
Facebook-arrangement her.

Kl. 18:30 - Ytre Stad Spinning - med norsk musikk
Stad: Ytre Stad grendahus, Ervik
Påmelding via Facebook



ONSDAG 25. MARS

Kl. 06:45 - Ferjetrekkspel-konsert v/ Kariann Fagerli
Stad: Ferja mellom Barmen - Barmsund
Gratis! (kun ferjebilletten)

Kl. 10:00 - 18:00 Ope Bakeri
Med norsk musikk, smaksprøve og spesialtilbod på norsk tradisjonsbakst
Stad: Bakerie på Bryggja

Kl. 13:00 - Visningar av utvalde norske Melodi Grand Prix-finalar frå 1960 og oppover
Stad: Selje frivilligsentral/ biblioteket
Gratis!
Facebook-arrangement her​​​​​​​.

Kl. 13:20 - Eid spelemannslag i ytre - spelar opp til dans på Selje skule
Stad: Selje skule, gymsalen

Kl. 15:00 - Bryggja pensjonistmøte syng og spelar norsk musikk på medlemsmøtet sitt. Egil Brobakke spelar trekkspel. Ytre Nordfjord Brass spelar kl. 17:00.
Stad: Bryggja kulturhus
Gratis inngang!

Kl. 16:00 - Eid spelemannslag i ytre - minikonsert
Stad: Seljetunet, Selje

Kl. 16:30 - Ferjetrekkspel-konsert v/ Kariann Fageli
Stad: Ferja mellom Barmen - Barmsund
Gratis! (kun ferjebilletten)

Kl. 17:00 - D- kor held konsert på Hogatunet
Kl. 17:30 - D- kor held konsert på Elvabøen
Gratis!

Kl. 18:00 - Yoga med norsk musikk
Stad: Bygda Yogaskule, Årvika på Stadlandet
Dropin: 180 kr ( 150 kr om du har klippekort)

Kl. 18:00 - 19:00 - Zumba Fitness med litt norsk musikk 
Stad: Stadlandet Grendahus
Aldersgrense 8. kl og opp
Drop in 60/100 

Kl. 19:30 - "Minne frå havet". Konsert under 100-årsmarkeringa av Ervik-ulukka. Med Sentrum spelemannslag, Jon Inge Sigerland, Frisk Bris, Maria Frogner og Lisa Frogner.
Stad: Ervik kapell
Gratis inngang, kollekt etter konserten.



TORSDAG 26. MARS

Kl. 10:00 - 18:00 Ope Bakeri
Med norsk musikk, smaksprøve og spesialtilbod på norsk tradisjonsbakst
Stad: Bakerie på Bryggja

Kl. 12:00 – Generalprøve på musikalen «Skjult» - andre ungdomsskular blir inviterte.
Stad: Operahuset Nordfjord

Kl. 13:00 - Visningar av utvalde norske Melodi Grand Prix-finalar frå 1960 og oppover
Stad: Selje frivilligsentral/ biblioteket
​​​​​​​Gratis!
Facebook-arrangement her​​​​​​​.

Kl. 16:30 - Språkkafe og frivilligtreff.
Tema: Norsk musikk og oversetting av tekst.
Maria Helgesen, Jon Inge Sigerland og Camilla Jørgensen spelar.
Stad: Stad bibliotek, avdeling Selje/Frivilligsentralen i ytre
Gratis inngang!
Facebook-arrangement her.

Kl. 18:30 – Urpremiere på musikalen «Skjult» - av og med Eid ungdomsskule og Stad kulturskule
Stad: Operahuset Nordfjord
Billettar på www.operahuset.no.
Facebook- arrangement her

Kl. 18:30 - Stormkonsert med Bjørn Inge Berge
Stad: Lada på Drage hos Miriam og Kjetil Friberg
Påmelding til stormkonsertar@gmail.com - pris kr. 150,-
Facebook- side her.

Kl. 19:30 - Minikonsert med Sølvi Hopland
Stad: Bakeriet på Bryggja
Gratis inngang


FREDAG 27. MARS

Kl. 10:00 - 18:00 Ope Bakeri
Med norsk musikk, smaksprøve og spesialtilbod på norsk tradisjonsbakst
Stad: Bakerie Bryggja

Kl. 10:00 - Konsert med Vilde & Anna for barnehageborna
Stad: Golvsengane barnehage

Kl. 11:00 - Konsert med Vilde & Anna for barnehageborna
Stad: Læringsverkstedet Eid

Kl. 13:00 - Visningar av utvalde norske Melodi Grand Prix-finalar frå 1960 og oppover
Stad: Selje frivilligsentral/ biblioteket
​​​​​​​Gratis!
Facebook-arrangement her​​​​​​​.

Kl. 18.00 - Song og forteljing med Elin Grytting - tema: folkemusikk/ Paul Berstad
Stad: Berstad Gardsmuseum
Pris 150 kr
Facebook-arrangement her.


18:30 –Musikalen «Skjult» - av og med Eid ungdomsskule og Stad kulturskule
Stad: Operahuset Nordfjord
Billettar på www.operahuset.no
Facebook- arrangement her​​​​​​​. 

21.00 - Norsk musikk- quiz
Stad: Frimannsbuda, Selje


LAURDAG 28. MARS

Kl. 10:00 - 18:00 Ope Bakeri
Med norsk musikk, smaksprøve og spesialtilbod på norsk tradisjonsbakst
Stad: Bakerie på Bryggja

Kl. 12:00 - Låtskrivarkurs med Aleks Grey
Stad: Lokala til Stad kulturskule
Gratis - NB! Krev på melding!

Kl. 18:00 - 02:00 Biffaften, kahoot/quiz og pub
Stad: Bakeriet A/S, Bryggja

Kl. 21:00 -Konsert med Bjørn Inge Berge m/band
Stad: Doktorgården
Pris: 150 kr
Matservering frå 19.00

Kl. 21:00 - Konsert med Svelene
Stad: Gymmen scene & studio
Pris: 200 kr. Kjøp billett her. 
Facebook-arrangement her​​​​​​​. 



SØNDAG 29. MARS

Kl. 11:00 - Gudsteneste i Eid kyrkje
Kl. 11:00 - Gudsteneste i Leikanger kyrkje
Det blir berre sunge norske salmar denne dagen.

Kl. 10:00 - 18:00 Ope Bakeri
Med norsk musikk, smaksprøve og spesialtilbod på norsk tradisjonsbakst
Stad: Bakerie på Bryggja

Kl. 16:00 – Korkafé med Vestavind, Stårheim songlag og Mannskoret Vyrde.
Stad: Bryggja kulturhus
Gratis inngang!

Kl. 16:00 - Korkafé med Frisk Bris
Stad: Selje skule, gymsalen
Gratis inngang!

Kl. 20:00 - Nordbygda spel- og dansarlag øvar i Valhall - ope hus!
Stad: Valhall, Nordfjordeid
Gratis inngang!



HEILE VEKA:

Institusjonskonsertar i regi av Den kulturelle Spaserstokken har temaet «Spel norsk» i perioden 24. februar – 3. april

Desse barnehagane skal synge og spele norske songar heile veka:
Gjerdane barnehage
Nøtteliten familiebarnehage


Alle saltimane til Selje idrettslag spelar berre norsk musikk under treningsøktene.

Stad kulturskule har "Musikk i barnehagen", og brukar berre norske songar.

Alle gudstenester i Stad kommune syng berre norske salmar i festivalperioden.


Sjekk også ut spotifylista Spel Norsk, Stad kommune som du finn her: https://tinyurl.com/spelnorsk

Der ligg musikk frå artistar som kjem frå Stad kommune.
Kom gjerne med tips om fleire ein kan legge til!

Vil du vere med å skape ei festivalveke i lokalsamfunnet som skal feire norsk musikkliv?