VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Invitasjon til Spel norsk 2020

Invitasjon til Spel norsk 2020

Vil du vere med å skape ei festivalveke i lokalsamfunnet som skal feire norsk musikkliv? 

Stad kommune er i 2020 ein av fem kommuner i landet som deltek i den landsdekkjande festivalen Spill norsk, som går av stabelen 22. – 29. mars 2020. Spill norsk er eit samarbeid mellom NOPA, Norsk Komponistforening og lokale arrangørar. Som den fyrste kommunen til no har Stad kommune fått nynorsk logo, og arrangerer difor festivalveka Spel norsk! 

 

Kva er Spel norsk? 
Spel norsk skal setje fokus på norsk musikk – på alle språk og innan alle sjangeruttrykk. Festivalen er til for at publikum skal kunne få oppleve meir av all den norske musikken som finnast. Målet med festivalen er å byggje opp fleire lokale arrangement der publikum kan møte eit stort mangfald av norsk musikk i alle sjangrar, og med både barn, ungdom og vaksne aktørar. Festivalen skal også vere ei inspirasjonskjelde for musikkutøvarane sjølve.
Stad kommune er stolte over å få vere ein av dei utvalde kommunane, og no inviterer vi DEG med på eventyret! Vil du eller ditt lag vere med å skape denne festivalen? Festivalen kan romme både store og små arrangement! Einaste krav til form og innhald er at arrangementet må basere seg på norsk musikk eller tekstar, av norske komponistar eller låtskrivarar.

 

Kva må de gjere? 

  • De må kome opp med ein ide de har lyst å gjennomføre, der norsk musikk står i fokus. 
  • Arrangementet må gå føre seg i perioden 23. – 29. mars 2020. 
  • De må sjølv syte for den praktiske og tekniske avviklinga av arrangementet. 
  • Kanskje har de allereie eit arrangement under planlegging som vi kan inkludere i festivalen?

    

Kva skal vi gjere? 

  • Vi kan vere ein samtalepartner for å finne ut korleis du kan utvikle ditt arrangement, kven du kan samarbeide med eller korleis du finn det best eigna lokalet. 
  • Vi kan kople deg og ideen din saman med andre aktørar, slik at det kan munne ut i felles arrangement. 
  • Vi syr det heile saman under ein felles marknadsføringsparaply, og syter for festivalprogram og grafisk materiale til dei ulike arrangementa. 
  • Vi kan bistå med noko økonomisk støtte dersom arrangementet har ei for stor utgiftsside. 
  • Vi kan hjelpe deg med enkelt teknisk utstyr så langt som lageret rekk. 
  • Ei nasjonal arbeidsgruppe syter for å jobbe med marknadsføring og merksemd i nasjonale media. 


Kva kan gjerast?
Store og små arrangement er like velkomne! Så lenge det er norsk musikk som står i fokus, er det berre fantasien som set grenser for sjanger, arena og samarbeidskoalisjonar! 

Treng du litt hjelp til å sette i gang fantasien? Her er nokre tankar og idear til moglege arrangement: 

  • Kan ditt lag ha pop-up-konsert på nærbutikken eller ein annan stad der folk ferdast?
  • Kan skuleelevar ha konsert for medelevar på skulen? 
  • Kan spelemannslaga gå saman og ha konsert i samfunnshusa? 
  • Kan alle dei flotte kora våre einast om ein felles konsert? 
  • Kan vi få til ein konsert som kan legge ut på kyrkje-turné? 
  • Kan vi ta i bruk ein arena som ikkje har vore brukt til musikkarrangement før? 
  • Kan ditt lag besøkje eit anna lag i den nye kommunen vår og ha ein felles konsert?
  • Kan alle skular synge og spele berre norsk musikk i musikktimane denne veka? 
  • Kan du arrangere konsert ein stad der det aldri har blitt arrangert konsert før? 
  • Er du sjølv komponist eller låtskrivar, men har ikkje framført materialet ditt før? Grip sjansen no! 

Har du andre idear, men manglar samarbeidspartnarar? Har du ein ide du ikkje heilt får forløyst? Har du ein ide du meiner ville vore perfekt for nokon andre? Ta kontakt med oss, så kanskje vi veit kven du bør snakke med! 


Kvar går vegen vidare? 
Vi ynskjer at du diskuterer festivalveka med ditt lag eller organisasjon, om du er ein del av dette. Ta gjerne kontakt med oss også dersom du har noko du vil diskutere, eller noko du manglar løysing på. 
Så håpar vi at du eller de har lyst å delta på ein eller annan måte. Kan de bidra eller vere med, ta kontakt! 
 

Vi håpar å høyre frå akkurat deg! 

 

 

Kontaktpersonar: 
Janne Mari Hjelle 
Janne.mari.hjelle@stad.kommune.no
Tlf: 970 96 997

Maria Helgesen
Maria.helgesen@stad.kommune.no
Tlf: 958 69 223