Tilskot 2022

Tilskot til utvalde kulturlandskap i jordbruket

Til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket som bidreg til å sikre verdiar som er knytte til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, inkludert langsiktig skjøtsel og drift.

Stad kommune forvaltar tilskotsordninga for Utvalde kulturlandskap (UKL) Stadlandet. 

Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap (FOR-2019-12-18-2024) legg grunnlaget for bruken av tilskotet. Retningslinene er utarbeidd på grunnlag av forskrifta.

Endringar i Retningsliner 2022 
Det blei i 2021 utarbeida ein ny skjøtselsplan for Indre Drage og Austmyr. Den er lagt til i oversikta over gjeldande planar for UKL-området Stadlandet. Alle kjerneområda har no skjøtselsplanar.

Tilskotsordninga har for 2022 fått tildelt 900.000 kr. Av desse går 310.000 kr til fellestiltak.

Satsane for tilskot for 2022 er uendra frå 2021.  Gjeldande satsar framgår av retningslinene.

Retningslinene for 2022  finn du her (PDF, 2 MB)

Søknadsfristen er 1. juni 2022. 

Til søknad