MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Utviding av UKL Stadlandet

Ope møte om utviding av utvalt kulturlandskap Stadlandet

Gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag og organisasjonar på Stad er inviterte til eit 
OPE MØTE OM UTVIDING AV UTVALT KULTURLANDSKAP STADLANDET

Tid og stad: 8. april kl. 16.00-18.00 på Teams.

Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet å levere ei tilråding om val av nye område til Utvalgte kulturlandskap i jordbruket i 2021. Oppdraget er ei oppfølging av planen for Utvalde kulturlandskap i jordbruket for 2020 – 2025.

Eit av områda som vart melde inn som interessant å få inn i ordninga er ei utviding av det eksisterande utvalde kulturlandskapet Stadlandet. Klikk for stort bileteOmrådet med skravur tilsvarer det eksisterande UKL-området. Den raude ellipsen peikar på området der det kan vere aktuelt å utvide. 

19. februar i år fekk Vestland fylke ei bestilling frå sekretariatet for ordninga, der vi har fått i oppgåve å skaffe og gje utfyllande informasjon om ei større utviding av UKL Stadlandet. Vi har frist på oss til 30. april for å forankre dette arbeidet hos kommunen, grunneigarar og drivarar, i tillegg til å sende inn utdjupande informasjon om området. 


Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er et samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. Satsinga er basert på frivillig samarbeid mellom staten og grunneigarane. Kommunen er tillagt rolla som koordinator og tilskotsforvaltar på vegne av staten. I tillegg har Statsforvaltaren ei sentral rolle i ordninga. 

For å kartlegge interessa, og for å få innspel knytt til ei eventuell utviding av området, inviterer vi til ope møte. Grunna pandemien må dette gå føre seg på den digitale plattforma Teams. Ta kontakt for å få tilsendt link til møtet. 

Kontaktpersonar:
Trude Knagenhjelm, Statsforvaltaren i Vestland. fmsftkn@statsforvalteren.no. Tlf. 57643094
Trine Alme, Stad kommune, trine.alme@stad.kommune.no. Tlf. 979 91 048