Velkomen hit - velkomen heim!Er du ny i kommunen vår eller planlegg å flytte hit? - Du er uansett hjarteleg velkomen! Stad kommune vart skipa 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid, Selje og deler av Vågsøy kommune i Nordfjord. Stad har ca 9.500 innbyggjarar, med Nordfjordeid som kommunesenter. På Nordfjordeid finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, sjukehus, vidaregåande skule, offentlege kontor, opera-/kulturhus, legevakt, idrettshallar og det meste anna du treng for å leve eit godt liv i Stad kommune. Elles finn du gode stader å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen. Og du finn ein spektakulær natur som er fritt tilgjengeleg både sommar og vinter. Kvar elles i verda kan du surfe i bølgjene og køyre ski i puddersnø på same stad? Det kan du i Stad og Nordfjord! Vi har samla eit knippe med gode opplevingar, tilbod og tenester til deg. Vi håper du finn noko som kan passe - og at du vil finne deg til rette og trivast i Stad.Skulle du ha noko på hjartet er du velkomen til å ta kontakt for ein prat. Ikkje ver redd for å ta kontakt med meg som ordførar direkte pr e-post, sms eller Messenger – vi skal prøve å hjelpe deg vidare så godt vi kan!Beste helsing Alfred BjørloOrdførar i Stad kommune Bygge og bu i Stad Ledige bustadtomter i Stad kommune Bustadar for sal Bustadar for leigeKulturliv og ting du kan gjere på fritida Einstadistad.no Operahuset Nordfjord Kino Eid symjehall Sagastad Selja kloster Norsk fjordhestsenter Reise og oppleving i Nordfjord UT på tur i Stad - finn turforslag, hytter og ruter BarmenBarnehagar, skule og utdanning Alt om barnehagar i Stad Alt om skule og opplæring i Stad Vaksenopplæring Stad Fjordane folkehøgskuleNæring og arbeid Ledige stillingar i Stad kommune Stad Vekst FramtidsfylketØnsker du å bidra i vårt lokalmiljø? Frivilligsentralane i Stad - Selje Frivilligsentral Eid Frivilligsentral Raude krosStad på kartet Stad kommune si kartløysing Wikipedia om StadFacebooksider Hjelle - Infoside om ting som skjer i bygda Haugen - Haugen Idrettslag Stårheim - Infoside om ting som skjer i bygda Kjølsdalen - Infoside om ting som skjer i bygda Bryggja - Infoside om ting som skjer i bygda Flatraket - Infoside om ting som skjer i bygda Stadlandet - Infoside om ting som skjer i bygda Nordfjordeid sentrum Selje - Infoside om ting som skjer i bygda Barmen - infoside om bygda Publisert27.11.2019 19.38 Sist endra13.10.2020 12.19