VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Slik sender du byggesøknad

Slik sender du byggesøknad

Om du må søke, kan søke sjølv eller treng ein ansvarleg søkar for din byggesøknad, kjem an på kva du skal bygge, rive eller endre.

Sjekk først om du må sende byggesøknad.

På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke.

Slik søker du

1. Sjekk planar og reglar 

Før du startar eit byggearbeid må du sjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedomen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge.

Planar og reglar for din eigedom finn du via kommunekart

2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygge

Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit situasjonskart for å teikne inn kva du skal bygge. Sett inn avstand til eigedomsgrense og nærliggande bygg.

3. Bestill naboliste

Skal du gjere noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen må du varsle naboane dine først. Bestill naboliste ved å sende ein førespurnad til post@stad.kommune.no eller ta direkte kontakt.

4. Send nabovarsel ut frå mottatt naboliste

Informasjon og skjema for å søke nabovarsel

5. Send inn søknad

Hugs å fylle ut alle felt og legg ved all relevant informasjon, slik som teikningar, nabovarsel og kvitteringar for nabovarsel.

Send inn byggesøknad

Send eller lever i resepsjonen ved:

Når får du svar på søknaden?

Behandlingstid på byggesaker er 3 eller 12 veker avhengig av sakstype. Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er 12 veker.

Hugs å sende ferdigattest etter at bygget er ferdig

Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest. Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent eller mellombels bruksløyve er innvilga, at du har lov til å ta i bruk bygningen. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon. 

Kontakt

Roar Sætre
Fagleiar Byggesak
E-post
Telefon 57 88 58 05
Mobil 488 87 148