Bygge
Skal du rive, bygge eller utbetre bustad, bygge garasje, terrasse, fritidshus eller liknande? Under temaet Bygging finn du informasjon om korleis du skal gå fram, og kva reglar som gjeld. Du finn også informasjon om utsleppsløyve og graving i ureina grunn.
Kart og reguleringsplanar
Her finn du kartløysinga til kommunen, der du kan finne din eigedom, planstatus for eigedomen (i kommuneplan eller reguleringsplan/utbyggingsplan), skrive ut kart m.m.
Du finn også lenke til planregisteret til Stad kommune. Planregisteret er eit register over vedtekne reguleringsplanar i kommunen. Her skal ein også finne mindre endringar av planar og dispensasjonar frå planar.
Energirådgjeving for bustadbygging

Info.hefte - Bygg for framtida (PDF, 2 MB)
Bustønad frå husbanken
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning for dei med høge buutgifter og låg inntekt. Ordninga blir administrert av Husbanken og kommunane. Krava til bustaden og husstanden må vere oppfylte. Deretter er det forholdet mellom inntekter og utgifter som avgjer om det blir gjeve bustønad. Les meir her.