Utleige kommunale bygg og arealKorona har sett stoppar for det meste av innandørstreningar denne våren. Vi håper no at treningane kan kome i gang igjen for fullt til hausten. Eid Idrettshus, Eidahallen og Valhall er tilgjengeleg for aktivtetar for skule, lag og organiasjonar. På dagtid er hallane primært utleigd til skule- og opplæringsformål. Men er ellers tilgjengeleg for utleige til publikum.Vi ber om at lag og organisasjonar som ynskjer faste treningstider i Eid Idrettshus, Eidahallen og Valhall (ettermiddag/kveld) for skuleåret 2020 – 2021 sender inn søknad om treningstider til Stad kommune snarast råd.Søknadsfrist for fast halleige for skuleåret 2020-2021 er 25. juni 2020.Merk søknad med:Søknad om treningstider 2020-2021 + kva bygg det gjeld.Send søknadSøknad kan også sendast pr. post til Stad Kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.Eigedom v/Inger Lise Myrold administrerer utleige av dei fleste kommunale bygg i Stad kommune.Gjeld det utleige av areal eller rom på ein av våre skular, ta gjerne direkte kontakt med skulen det gjeld. Publisert03.06.2020 23.26 Sist endra13.10.2020 10.59