Stad formannskap har vedtatt å legge ut forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032 til offentleg ettersyn for å sikre at alle får uttale seg før endeleg vedtak. Frist for uttale er 15. august 2020.
Forslaget til kommuneplanen sin samfunnsdel bygger på prosessar i samband med etableringa av Stad kommune, desse var leia av Fellesnemnd for Eid og Selje, innsiktsarbeid der det vart samla kunnskap om utfordringar og moglegheiter i Stad kommune, arbeidet med strategiar for stadutvikling, næring og reiseliv, innspel frå leiarsamlingar, innspel frå fellessamling der alle tilsette var invitert og innspel frå politiske utvalsmøte i Stad.
Planforslaget
Planforslaget er klart - har vi klart å fange essensen av det vi ønsker å satse på for vidare utvikling av Stad? Kva skal Stad kommune vere og kva utfordringar og moglegheiter bør vi prioritere å arbeide med?
Her kan du lese planforslaget, sjå presentasjonen frå møtet i formannskapet 11. juni og gje dine innspel.
Her kan du lese den politiske saka og vedtaket frå formannskapet 11. juni.
Hovudelement i forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel
Visjonen Verdas beste vesle stad viser retninga for utviklinga fram til 2032.
Posisjonen Distrikstpioner skal setje Stad på kartet og styrke utviklingskrafta vår.
Verdiane som skal kjenneteikne oss:
- Nær
- Raus
- Skapande
- Heilhjarta
Samfunnsmålet Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Strategiske satsingsområde for samfunnet vi skal skape i planperioden.
- Heilskapleg og effektiv
- Samskapande og inkluderande
- Nyskapande og kompetent
Arealstrategien skal bidra til at måla i samfunnsdelen kan realiserast gjennom arealpolitikken.
Kva skjer i høyringsperioden?
Det vil bli arrangert opne møter for å presentere planforslaget. Kvart møte vil ha samfunnsplanen som tema samt eit lokalt tema.
- Man.10. aug. kl 18.00-20.00 Bryggja, Bryggja grendahus. Tema: Plan for nye bustadareal.
- Tys. 11. aug. kl 17.00-19.00 Selje, klubbhuset. Tema: Reguleringsplan sentrum.
- Tys. 11. aug. kl 19.30 -21.30 Leikanger, Stad hotell. Tema: Reguleringsplan sentrum.
- Ons. 12. aug. kl 19.00-21.00 Nordfjordeid, Nordfjord hotell. Tema: Sentrumsutvikling.
I tillegg vil ordførar/varaordførar halde utekontor på ulike stadar rundt i kommunen, der alle som ønsker er inviterte til å møte opp å diskutere og gje innspel til planen.
"Tour de Stad sommaren 2020" - reiseplan veke 27-28
- Måndag 29. juni kl 18.00-21.00 Heggjabygda
- Tysdag 30. juni kl 16.00-18.00 Hennebygda
- Fredag 3. juli kl 10.00-13.00 Hoddevik
- Fredag 3. juli kl 15.00-17.00 Ervik
- Torsdag 9. juli kl 14.00-16.00 Stårheim, Eventyrstallen avd Nordfjord
- Laurdag 11. juli kl 12.00-14.00 Nordfjordeid, Eidsgata v/Betania
- Fredag 17. juli kl 15.00-16.30, Flatraket
- Fredag 17. juli kl 17.30-19.00, Barmen
- Laurdag 18. juli kl 12.00-14.00, Nordfjordeid, Eidsgata v/Betania
- Torsdag 23. juli kl 17.00-19.00, Haugen
- Torsdag 23. juli kl 19.30-21.30, Kjølsdalen
- Torsdag 30. juli kl 17.00-19.00, Hjelle
- Torsdag 30. juli kl 19.30-21.30, Holmøyane
Sei di meining innan 15. august
Vi ønsker at du seier di meining om planforslaget. Send skriftleg innspel via det elektroniske innspelsskjemaet. Du kan også sende innspel til post@stad.kommune.no eller via post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 15. august 2020.
Merk med: «Innspel til forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel».
Kven kan uttale seg - og om kva?
Alle interesserte kan uttale seg – både privatpersonar, frivillige lag og organisasjonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar.
- Kva meiner du er bra?
- Kva meiner du er ekstra viktig?
- Kva meiner du bør endrast?
Ting vi ønsker dine synspunkt på
• Kva meiner du/de er Stad kommune sitt/sine viktigaste særtrekk i dag og som vi må bevare framover?
• Kan du nemne tre årsaker som i dag gjer Stad til ein attraktiv/god stad å leve/arbeide/drive næring? Korleis kan Stad bli meir attraktiv som ein stad å leve/besøke/arbeide/drive næring?
• Korleis kan vi bidra til å løyse framtida/dagens klimautfordringar her i Stad?
• Korleis framstår det urbane Stad i 2030?
• Kva slags utvikling har vi hatt ute i bygdene i Stad?
• Kvifor skal dei unge og/eller unge vaksne velje å bu i Stad 2030?
• Kva kjenneteiknar Stad som eit inkluderande samfunn tilrettelagt for deltaking?
• Kva er bra med å vere ung i Stad i dag? Kva skal til for at det skal bli betre å vere ung i Stad i 2030?
• Kva kjenneteiknar tenestetilbodet i Stad i dag?
• Korleis er Stad eit godt samfunn å leve heile livet i?
• Kan du nemne minst tre måtar Stad kan bli ein betre stad å leve/besøke/drive næring?
Samfunnsplan
Selje og Eid starta den formelle prosessen med samanslåing hausten 2016. Begge kommunestyra gjorde vedtak om samanslåing i januar 2017. Stortinget vedtok samanslåing av Eid og Selje frå 1.1.2020 i juni 2017, og i november 2017 vedtok Kommunal- og moderniseringsdepartementet at Bryggja skal grensejusterast inn i den nye kommunen frå same dato.
Arbeidet med samanslåinga var fram til konstitueringa av nytt kommunestyre i oktober 2019 leia av Fellesnemnda for Eid og Selje. Her var det seks medlemmer frå kvar av kommunane Eid og Selje, med ordførar i Selje som leiar av nemnda. To medlemmer valde av Bryggja krins hadde observatørstatus i fellesnemnda med tale- og forslagsrett. Det var også eit nært samarbeid med dei tillitsvalde i kommunane i prosessen, gjennom Partssamansett utval (PSU) som besto av Fellesnemnda pluss to tillitsvalde frå kvar av kommunane Eid og Selje. I alle viktige saker av betyding for dei tilsette i kommunane vart drøftingane gjort i PSU med dei tillitsvalde til stades i møtet. Fellesnemnda arbeidde godt saman,
og så godt som alle avgjerder i Fellesnemnda vart gjort samrøystes, eventuelt ut frå politiske skiljeliner «på tvers» av dei to gamle kommunane.
Det administrative arbeidet med samanslåinga vart leia av rådmannen i Eid, som tidleg i prosessen vart tilsett som prosjektleiar for den nye kommunen, og fylte begge rollene fram til den nye kommunen vart etablert 1.1.2020. Det vart tilsett ny rådmann i Selje i januar 2018, som også var prosjektkoordinator for arbeidet med kommunesamanslåinga. Heile den nye leiargruppa for den nye kommunen var på plass i løpet av 2018. Alt dette sikra ein god og koordinert prosess i det omfattande administrative arbeidet med å skape ein ny kommune. På mange område vart samanslåinga av avdelingar og andre grep for å skape ein felles organisasjon gjennomført før 1.1.2020.
Fellesnemnda la i samanslåingsprosessen stor vekt på å skape ein felles kultur og identitet i den nye kommunen også utover sjølve kommuneorganisasjonen. Ein valde eit nytt kommunenamn (Stad), og eit nytt kommunevåpen som har med seg element frå begge dei tidlegare kommunane.
Det vart sett av betydelege midlar i samanslåingsprosessen til det som vart kalla «ekstern kulturbygging», noko som mellom anna gjorde det mulig å bistå skular, barnehagar og frivillige lag og organisasjonar med å bli kjende på tvers av kommunegrenser før den nye kommunen vart danna.
Det vart arrangert bygdemøte og gjennomført eigne stadutviklingsprosjekt i kvar av dei ni skulekrinsane i den nye kommunen, gjennomført eit omfattande program med «bygdevandringar» i 2019, og gjennomført fleire små og store felles arrangement for å skape møteplassar og kjennskap til kvarandre før samanslåinga vart ein realitet i 2020.
Det vart som ein del av samanslåingsarbeidet utarbeidd nye, felles planar for næringsutvikling, reiseliv og stadutvikling i den nye kommunen – i samarbeid med næringar og bygdelag. Desse planane er ein viktig del av grunnlaget for arbeidet med ny kommuneplan for Stad kommune.
Politisk vedtak av planprogram har vore førande for planprosessen.
Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før kommuneplanen sin samfunnsdel vert lagt fram for endeleg behandling. Det er lagt opp til vedtak av kommuneplanen sin samfunnsdel i september 2020.
Samfunnsplan Stad 2020-2032 pdf (PDF, 2 MB)