Kva utvikling ønsker vi for Stad kommune?

Kva utvikling ønsker vi for Stad kommune?

Stad kommune har starta opp arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel for 2020–2032 og legg no ut på høyring eit forslag til planprogram for dette planarbeidet.

Planprogrammet bestemmer kva spørsmål vi skal sjå nærmare på i planarbeidet. I samband med høyringa vil vi gjerne ha dine innspel.

Innhaldet i planprogrammet bygger på Fellesnemnd for Eid og Selje sitt arbeid med etableringa av Stad kommune. Innsiktsarbeidet, der det vart samla kunnskap om utfordringar og moglegheiter i Stad kommune, vil bli nytta i arbeidet med samfunnsdelen. 

Involvering i arbeidet med sjølve planen vil skje våren 2020.

Forslag til planprogram

Vedtaket om oppstart og offentleg ettersyn av planprogram i Stad formannskap, 30. januar 2020.

Kom med innspel innan 20. mars

Viss du har innspel til tema du meiner er viktige å ta med i planarbeidet, og til planprogrammet vi har lagt fram, sender du eit skriftleg innspel via e-post til post@stad.kommune.no eller via post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 20. mars 2020. Merk med: «Innspel til arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel».

Kven kan uttale seg – og om kva?

Alle interesserte kan uttale seg – både privatpersonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar. Vi ønsker synspunkt på kva Stad kommune skal vere og kva utfordringar vi bør arbeide med.

Vidare handsaming

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planprogrammet vert lagt fram for endeleg behandling. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at planprogrammet vert lagt fram for endeleg behandling i april 2020.

Det er lagt opp til vedtak av kommuneplanen sin samfunnsdel i september 2020.