Stad

Kommunedelplan og temaplan

Kommunedelplan og temaplan

Ein temaplan er ein strategisk plan som omhandlar eit spesifikt tema eller fagområde. Nokre temaplanar vil vere sektorovergripande og gir føringar for heile organisasjonen, slik som for eksempel kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk. Andre temaplanar gjeld for eit avgrensa tenesteområde eller fagområde. Temaplanar bør ha eit tilsvarande tidsperspektiv som kommuneplanen (minst 12 år). Revidering av den enkelte temaplan blir vurdert i forbindelse med planstrategien kvart fjerde år. Stad kommune brukar omgrepet temaplan om strategiske planar som ikkje vert behandla etter plan- og bygningslova.

Ein kommunedelplan er ein plan for bestemte område (areal), tema eller verksemdsområde. Innhaldet kan vere det same som i ein temaplan, skilnaden er då at kommunedelplanar er handsama etter reglane i plan- og bygningslova. Kommunedelplanar bør også ha eit tidsperpektiv på 12 år, som kommuneplanen.

Eid kommunedelplan for oppvekst - 2017-2029

Selje kommunedelplan for kulturarv - 2019-2029

Eid kommunedelplan for kulturarv - 2017-2029

Eid kommunedelplan for helse og omsorg - 2018-2030

Selje kommunedelplan for veg- og trafikktrygging - 2018-2025

Eid kommunedelplan for veg- og trafikktrygging - 2016-2028

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020-2024