Prosjektet er eit av tre delprosjekt som ligg under forskingsprosjektet «Den samskapande kommune».
I prosjektet «urbant landbruk» ønskjer Stad kommune å utforske potensialet av urbant landbruk, og korleis ein kan bruke det for å skape eit enda meir levande sentrum med mykje aktivitet.
Kva er urbant landbruk?
Urbant landbruk handlar om korleis ein kan bruke urbant areal til å dyrke mat. Ved urbant landbruk kan vi gi tilgang til dyrkingsareal og kunnskap om matdyrking til dei som ikkje har det elles. Urbant landbruk hjelper til med å danne arena der innbyggjarar møtast, kunnskapsutveksling, integrering og entreprenørskap. Vi kan skape grunnlag for at vi blir meir bevisste på forholdet mellom menneske og natur, og forståing for menneskeleg påverknad på naturen.
Døme på urbant landbruk:
- Andelslandbruk
- Dyrking på tak
- Kombinert landbasert fiskeoppdrett og grønnsakproduksjon
- Dyrking i høgda, t.d. i tomme industribygg eller birøkt
- Dyrking i parsellhagar
- Skolehagar
- Felleshagar
Om prosjektet
Saman med alle dei som har lyst til å bidra, skal vi utvikle prosjektet urbant landbruk. Måten vi skal jobbe på vil følgje prinsippet «Samskaping». Kva prosjektet skal innehalde, og kva aktivitetar som skal gjennomførast, blir bestemt saman med alle dei som er interessert. I første omgang vil prosjektet bli gjennomført på Nordfjordeid. Utviding etter behov og interesse til andre delar av kommunen er tenkeleg.
I midten av mai har Stad kommune gjennomført ei samling med ei lita prosjektgruppe. Den består av 8 ulike samfunnsaktørar. I samlinga har vi kartlagt kvifor Nordfjordeid treng urbant landbruk, og kva andre aktørar vi burde invitere inn i prosjektet.

I samling 2 blei det arbeida med problemstilling prosjektet skal løyse.
Kva er vegen vidare?
Framover skal vi møtast regelmessig for å spisse prosjektet, arbeide med problemstillinga, planlegge aktiviteter, kartlegge aktørar og mykje meir.
Bli med!
Alle som har lyst til å bidra inn i prosjektet eller berre har lyst til å bli kjent med oss, er velkommen til neste møte. Send ein e-post til mirjam.kreisel@stad.kommune.no eller ring: 476 90 417.
For å kunne delta i prosjektet treng du ikkje kunnskap, erfaring, utdanning osv. Alt som trengs er at du er motivert til å skape noko nytt i lag med andre!