Urbant landbruk nyhende

Nye midlar til vidareutvikling av urbant landbruk i Stad

Stad kommune får kr. 450.000,- i nye midlar frå Vestland fylkeskommune til å vidareutvikla samskapingsprosjektet "Urbant landbruk i Stad". Arbeidet har tidlegare fått støtte av Vestland fylkeskommune.

«Urbant landbruk i Stad» er eit prosjekt som handlar om dyrking av grønsaker i fellesskap, integrering, møteplassar, formidling av kunnskap og bevisstgjering av verdien som ligg i dei naturlege ressursane rundt oss. I den neste 2-årsperioden skal fokuset ligge på å gjere prosjektet tilgjengeleg for enda fleire, ved å bygge eit drivhus og etablere ein kjøkkenhagen i sentrum av Nordfjordeid. I tillegg skal ein arbeide med å utvikle eit økonomisk berekraftig konsept som kan vidareførast etter den offisielle prosjektperioden er avslutta.

- Det er stort engasjement og drivkraft blant deltakarane i prosjektet, så det er kjekt at vi har fått midlar til å videreutvikle prosjektet til glede for enda fleire, seier Arild Vonheim, rådgjevar i Stad kommune.

Alle som er har lyst å vere med i det vidare arbeidet med "urbant landbruk i Stad" er hjarteleg velkomne til å vere med! Ta gjerne kontakt via prosjektet si FB-side www.facebook.com/urbantlandbrukstad. Her kan du også følgje med på kva som skjer i prosjektet!