Transport og mobilitet i Stad kommune - analyse

Analysen er utarbeidd for å belyse transport og mobilitet i kommunen frå ulike sider. 

Transport spelar ei viktig rolle i samfunnsutvikling og klimaarbeid. Kommuneplanen sin samfunnsdel fastset samfunnsmålet: «Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag». 27 utdjupingar av samfunnsmålet beskriv dette målet i detalj. Berekraftig mobilitet og trygge transportsystem er ein sentral del av eit livskraftig samfunn, og er difor beskrive i utdjupingane.

Planar er eitt av Stad kommune sine verkty for gjennomføring av dei overordna målsettingane i samfunnsdelen. Denne analysen skal bidra til at desse planane er faktabaseret. Analysen skal bli brukt i vidare arbeid med ulike planar og prosjekt, og tene som beslutningsgrunnlag for konkrete tiltak. Analysen skal bidra til å identifisere moglege grep innan mobilitet og transport.

Analysen er bygd opp i fire sentrale kapittel:
1.) Areal og transportutvikling
2.) Mobilitet og kollektiv transport
3.) Det kommunale vegnettet
4.) Trafikktryggleik

Desse ulike kapitla skal bidra til å sjå ulike faktorar som påverkar transport og mobilitet i ein heilskap.

Analyse transport og mobilitet i Stad kommune (PDF, 4 MB)