God deltaking på infomøte om Stad skipstunnel

I underkant av 70 personar tok turen til Moldestad grendahus då Stad kommune og Kystverket i går inviterte til info- og medverknadsmøte om planprosessen for regulering av dei ulike områda knytt til Stad skipstunnel.

På møtet informerte Kystverket v/prosjektleiar Terje Skjeppestad om siste status og vidare planar for aktivitetar i hovudprosjektet, og la også fram Multiconsult sin rapport om anleggsstøy og kva moglege tiltak ein ser føre seg knytt til dette.

Stad kommune og Multiconsult orienterte om vidare planprosess og det som ligg føre i arbeidet med reguleringsplanane for Kjøde og Lesto næringsområder, og arbeid knytt til sjølve tunnelportalane.

I møteagendaen var det også sett av tid til dialog- og medverknad gjennom ideverkstad med fokus på arealbruk på entringsområda til tunnelen, der alle fekk komme med tankar og idear om korleis området kan tilretteleggjast og nyttast på ein god måte for både innbyggarar og tilreisande.

I dag kl 18.00 står infomøte- og dialogmøte med innbyggjarane i Kjøde for tur. Vi håper på stor oppslutning også der!

Dokumentasjon frå møta vert lagt ut på Stad kommune si nettside i etterkant.

Her kan du lese meir om reguleringsarbeidet knytt til Stad skipstunnel