Les sluttrapport forprosjekt (PDF, 3 MB)
Forprosjektet tilrår at det blir gjennomført eit hovudprosjekt «Statens Hus i Stad» i perioden 2021-2023 med Stad kommune som prosjektleiar, brei deltaking frå statlege etatar og andre regionale utviklingsaktørar og følgjande tre konkrete delprosjekt:
Tenesteinnovasjon og utvikling. «Statens Hus» piloten i Stad skal identifisere og testa ut område som kan effektiviserast og eigne seg for tenesteinnovasjon på distrikta sine premissar.
Samlokalisering. «Statens Hus» piloten i Stad skal kartlagt og vurdere gevinstar ved fysisk samlokalisering av utvalde statlege fagmiljø - og gjennomføre samlokalisering.
Distriktshub Vestland. «Statens Hus» piloten i Stad skal utarbeide og teste ut ein modell som viser korleis piloten Statens hus i distrikta kan vere eit verktøy for ny distriktspolitikk knytt til lokalisering av statlege arbeidsplassar, rekruttering, desentralisert utdanning og klynge- og næringsutvikling.
Program for oppstart av hovudprosjektet 27. oktober.