VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Slik søke du barnehageplass

Slik søke du barnehageplass

Du kan søke om barnehageplass heile året, men ønsker du ha plass frå august må du søke innan 1. mars. 

Slik søker du om barnehageplass

  • Du søker på same plass for alle barnehagane i Stad kommune, også private.
  • Du brukar same system for å søke, endre opphaldstid, bytte barnehage eller seie opp barnehageplassen.
  • Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar sender du dei per post til: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

I ein overgang vil det ikkje vere mogleg å søke barnehageplass via det elektroniske søknadskjemaet. Ta derfor direkte kontakt dersom du ønsker å søke barnehageplass.

Søk barnehageplass


Ta kontakt med fagavdelinga for barnehage om du har spørsmål eller treng hjelp til å søke.

Her finn du oversikt over alle kommunale barnehagane i Stad kommune.

Søknadsfrist

  • 1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket. 

Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året. Du står då på søkarlista til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden. 

Når har barnet rett til barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2020.
  • Du må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars 2020. 

Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet startar i barnehagen. 

Kva skjer om du ikkje har fått plass i dei barnehagane du har valt?

Du vil få tilbod om plass i ein annan barnehage dersom barnet har rett på plass. Du har då to val:

  • Du kan takke ja til plassen og samtidig stå på venteliste til ein annan barnehage.
  • Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage. 

Bytte barnehageplass

Du kan søke om bytte til ein annan barnehage. Søker du om bytte vil barnet ditt automatisk få plass i ny barnehage når det blir ledig plass. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk oppsagt. 

Oppseiing av barnehageplass

Det er 1 månad oppseiingstid frå den 1. eller 15. i månaden.

Ønsker du å seie opp barnehageplassen gjer du det på same nettsida som du søkte om plass. 

 

Kontakt

Anita Sørland Aase
Konsulent
E-post
Telefon 57 88 58 20
Mobil 917 22 589
Karin Sandvik Stave
Konsulent
E-post
Telefon 57 85 93 00
Mobil 979 90 441