MELDING

INFO korona nasjonalt  

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no 

Nasjonal infotelefon om korona: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

INFO korona Stad kommune Information about corona in other languages
Stad kommune har ingen eigne tiltak og følgjer nasjonale råd og tiltak.

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern: e-post korona@stad.kommune.no

 

Slik søke du barnehageplass, byter eller seier opp

Slik søke du barnehageplass, byter eller seier opp

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageåret 2022/2023 er 1. mars. Du kan søke om barnehageplass heile året, men ønsker du ha plass frå nytt barnehageåret må du søke innan 1. mars. 

Slik søker du om barnehageplass

  • Du søker på same plass for alle barnehagane i Stad kommune, også private
  • Du brukar same system for å søke, endre opphaldstid, bytte barnehage eller seie opp barnehageplassen
  • Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar sender du dei per post til: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Søk barnehageplass


Ta kontakt med fagavdelinga for barnehage om du har spørsmål eller treng hjelp til å søke.

Her finn du oversikt over alle kommunale barnehagane i Stad kommune.

Søknadsfrist

  • 1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket. 

Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året. Du står då på søkarlista til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden. 

Når har barnet rett til barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2022.
  • Du må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars 2022. 

Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet startar i barnehagen. 

Kva skjer om du ikkje har fått plass i dei barnehagane du har valt?

Du vil få tilbod om plass i ein annan barnehage dersom barnet har rett på plass. Du har då to val:

  • Du kan takke ja til plassen og samtidig stå på venteliste til ein annan barnehage.
  • Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage. 

Korleis byte barnehageplass/ endre barnehagetilbod

Du kan søkje om å byte til ein annan barnehage. Frist for å søkje om endring av barnehageplass er 1. mars. Søkjer du om å byte etter søknadsfristen vil barnet ditt få plass i ny barnehage når det blir ledig.  For å byte plass (til annan barnehage) må du søkje på nytt .   Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk sagt opp. 

For å søkje om endring (auke/reduksjon) av barnehageplassen , loggar ein inn på foreldreportalen i Vigilo og søkjer om endring. 

Korleis seie opp barnehageplassen

Det er 1 månad oppseiingstid frå den 1. i månaden. For å seie opp plassen må du logge deg inn i foreldreportalen for å få tilgang til å søke om oppseiing. 

Retningsliner for opptak 

 

 

Kontakt

Anita Sørland Aase
Konsulent
E-post
Mobil 917 22 589
Karin Sandvik Stave
Konsulent
E-post
Mobil 979 90 441