MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Velkomne til eit nytt barnehage – og skuleår

Velkomne til eit nytt barnehage – og skuleår

Vi ønskje alle barnehageborn og skuleelevar velkomne til eit nytt år, og vonar og trur at dette skal bli eit godt og innhaldsrikt år.

Vi skal ta i mot alle borna og elevane på ein god og trygg måte, og vi vil at alle skal føle seg hjarteleg velkomne til si barnehagegruppe eller til sin klasse. Det er mange spente born, elevar og føresette som både gleder seg og kanskje gruar seg litt denne nye starten, men det går som regel veldig bra. Alle barnehagane og skulane i Stad har flinke tilsette som no er heilt klare til å ta imot alle dei 468 borna som skal starte i barnehagane og alle 1178 som skal begynne på eit nytt skuleår i grunnskulen.

  • Skule og sfo har dei opningstidene som Stad kommune hadde før tida med korona.
  • Barnehagane får ei opningstid frå kl.07.20 til 16.30.

Det blir ei evaluering av tidene tidleg i veke 37. Ved ei eventuell endring av koronasituasjon, vil ein kanskje måtte gjere endringar på veldig kort varsel. 

Skulane og barnehagane følgjer som før folkehelseinstituttet og kommunen sine retningslinjer for smittevern. 


Elevtal (PDF, 237 kB) i Stad kommune skuleåret 2020/2021.