MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Velkomne til eit nytt barnehage – og skuleår

Velkomne til eit nytt barnehage – og skuleår

Vi ønskje alle barnehageborn og skuleelevar velkomne til eit nytt år, og vonar og trur at dette skal bli eit godt og innhaldsrikt år.

Vi skal ta i mot alle borna og elevane på ein god og trygg måte, og vi vil at alle skal føle seg hjarteleg velkomne til si barnehagegruppe eller til sin klasse. Det er mange spente born, elevar og føresette som både gleder seg og kanskje gruar seg litt denne nye starten, men det går som regel veldig bra.

Alle barnehagane og skulane i Stad har flinke tilsette som no er heilt klare til å ta imot alle dei 506 borna som skal starte i barnehagane og alle 1168 som skal begynne på eit nytt skuleår i grunnskulen.

I Stad kommune blir alle barnehagane og grunnskulane opna på grønt nivå. Det vil seie at barnehagane og skulane blir drivne som vanleg og med ordinære opningstider.

  • Skule og sfo har dei opningstidene som Stad kommune hadde før tida med korona
  • Barnehagane får ei opningstid frå kl. 06.45 til kl. 17.00

Målet er at barn og unge bør ha ein mest mogeleg normal kvardag med ordinære barnehage- og skuletilbod, og tilgjengelege helsetilbod for å ivareta deira fysiske og psykiske helse, læring, sosiale relasjonar og trivsel.

Skulane og barnehagane følgjer som før folkehelseinstituttet og kommunen sine retningslinjer for smittevern. I alle avdelingar skal ein halde fram med å oppretthalde god handhygiene og unngå handhelsing og klemming.

Ved ei eventuell endring av koronasituasjon, vil ein måtte gjere endringar på kort varsel! 

Velkomen til eit nytt skuleår!