Velkomne til eit nytt barnehage – og skuleår 2022

Velkomne til eit nytt barnehage – og skuleår 2022

Vi ønskje alle barnehageborn og skuleelevar velkomne til eit nytt år, og vonar og trur at dette skal bli eit godt og innhaldsrikt år.

Vi skal ta i mot alle borna og elevane på ein god og trygg måte, og vi vil at alle skal føle seg hjarteleg velkomne til si barnehagegruppe eller til sin klasse. Det er mange spente born, elevar og føresette som både gleder seg og kanskje gruar seg litt til denne nye starten, men det går som regel veldig bra.

Alle barnehagane og skulane i Stad har flinke tilsette som no er heilt klare til å ta imot alle borna og elevane som skal begynne på eit nytt barnehageår eller skuleår.

Velkomen til det nye barnehage- og skuleåret!