Velkomne til eit nytt barnehage– og skuleår 2023Første barnehagedag er 16. august og første skuledag er 21. august. Dei tilsette i barnehagane og skulane våre gler seg til å møte nye og kjende barn, og vi ser fram til eit godt og innhaldsrikt år. Vi skal ta i mot alle borna og elevane på ein god og trygg måte, og vi vil at alle skal føle seg hjarteleg velkomne til si barnehagegruppe eller til si klasse. Det overordna oppvekstmålet i Stad kommune: Barn i Stad har ein trygg og tilpassa oppvekst i eit mangfaldig fellesskap der barn får utvikle evnene sine og kjensla av å høyre til. Det er mange spente born, elevar og føresette som både gleder seg og kanskje gruar seg litt til denne nye starten, men det går som regel veldig bra. Alle barnehagane og skulane i Stad har flinke tilsette som no er heilt klare til å ta imot alle borna og elevane som skal begynne på eit nytt barnehageår eller skuleår. Velkomen til det nye barnehage- og skuleåret! Publisert 12.08.2020 15.57 Sist endra 13.07.2023 09.41