MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Om SFO

Om SFO

Skulefritidsordninga (SFO) er eit frivillig aktivitetstilbod for barn i 1.–4. klasse, og for barn med særskilde behov i 1. –7. klasse før og etter skuletid. 

Barna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.

Organisering og innhald av tilboda varierer noko frå skule til skule ut frå kor mange barn som er med på ordninga, og kva muligheiter som finst på skulen og i nærområdet.

Du søkjer om plass på SFO direkte via søknadsskjema til Stad kommune. Det må vere minimum påmeldt 6 barn for at ordninga kan opprettast og drivast ved den enkelte skule.

Stad kommune har SFO-tilbod på: Stårheim skule, Haugen skule, Hjelle skule, Nordfjordeid skule, Selje skule, Flatraket skule og Stadlandet skule. Du kan ta kontakt med skulen om du har spørsmål om det enkelte SFO-tilbodet. 

Lov og vedtekter som gjeld SFO 

Kvar kommune har eigne vedtekter og prisar.

Nye felles vedtekter for SFO i Stad kommune vil gjelde for nytt skuleår frå 15. august 2020.

Kontakt

Anita Sørland Aase
Konsulent
E-post
Telefon 57 88 58 20
Mobil 917 22 589