MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Nordfjordeid skule

Nordfjordeid skule

Det er med glede vi ønskjer alle dei 336 elevane våre velkomne til nytt skuleår.

Våren 2020 vart spesiell på grunn av Korona, men med godt samarbeid med heimane, kom vi gjennom denne perioden på ein god måte. Koronatida er ikkje over, så arbeid med smittevern blir framleis viktig. Skulen følgjer folkehelseinstituttet og kommunen sine retningslinjer for smittevern.

Administrasjonen og dei andre tilsette arbeider kvar dag for at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Vi legg vekt på å lære god folkeskikk og høfleg framferd, og at alle skal ha respekt for kvarandre.

Lærarane ved skulen er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar. Teama har ansvar for å legge forholda best mogleg til rette for at både elevgrupper og einskildelevar har ein variert og lærerik kvardag.

Det er svært viktig at føresette tek opp saker de lurer på. God dialog mellom heim og skule er heilt avgjerande for at skulen skal utvikle seg. Vi arbeider alle i lag for at elevane ved Nordfjordeid skule skal ha god fagleg og sosial kompetanse. Ei positiv haldning til skulen er grunnlaget i dette arbeidet.

Vi vil gjere vårt beste for at Nordfjordeid skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære, og håpar og trur på godt samarbeid i året som kjem. 
 

Kontakt

Anne-Grete Eikås
Rektor
E-post
Telefon 57 86 34 20
Mobil 959 06 237
Peder Felde
Assisterande rektor
E-post
Mobil 970 32 761

Åpningstider

Opningstid: kl 08.00-15.00

Adresse

Skulevegen 33, 6770 Nordfjordeid, Norway

 

Klikk for stort bilete    Følg oss på Facebook