Har du fått varsel om branntilsyn?Vi er etter «Forskrift om brannforebygging § 17», plikta til å feie og å føre tilsyn med ditt fyringsanlegg (eldstad og røykkanal) etter behov. Når vi kjem på branntilsyn i din bustad ser vi på den generelle branntryggleiken i bustaden, med spesielt fokus på skorstein og eldstader der du som eigar har plikter å skjøtte jf. § 6. Dette bør du vite om før vi kjem: . Du som huseigar eller person med tilknyting til bustaden må vere tilstades når vi kjem Å føre tilsyn med din bustad inngår i feiieavgifta og vert vanlegvis utført av feiaren i kommunen I etterkant av tilsynet får du tilsendt ein rapport Brannvesenet avgjer kor ofte vi kjem på tilsyn Dersom du ønskjer eit visst klokkeslett tilsynet utførast på eller om du ønskjer å endre dato for tilsynet - ber vi om at du tek kontakt med oss mellom kl 07:30 og kl. 15:00 Ønskjer du meir informasjon Publisert03.01.2020 13.46 Sist endra18.05.2020 09.34