MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Har du fått varsel om feiing?

Har du fått varsel om feiing?

Ver venleg å les og forstå alle punkta som gjeld deg.

  • Sjekk at spjeld, trekkluker og omnsdører på alle omnar i alle etasjar er stengt, og at det er tett rundt røykrør
  • Ved feiing frå tak må stigen leggast tydeleg fram. Dersom stigen heng på veggen eller ligg i garasjen, vert feiaren usikker på om huseigar har registrert at det er feiedag, og det er ikkje sikkert at det vert feia p.g.a. fare for sot-skadar
  • Om du bur i burettslag e.l. og delar stige med fleire, eller har tilgang til tak rett frå bakken, ber vi om at du varslar oss om at det er klart for feiing på di adresse via SMS. Dette for å unngå feiing utan at det er klart og kanskje sot-skader
  • Sotluka vert tømd dersom den er tilgjengeleg for feiaren og at du sett fram noko som ein kan tøme soten i
  • Røykrør frå omn til pipe vert feia dersom huseigar vil. Det må vere klargjort og tilstrekkeleg tildekka
  • Sotluke og røykrør må huseigar ta seg av dersom det ikkje er utført av feiar
  • Er det toppmontert stål-skorstein på eldstaden bør innvendig topplate takast ut før feiing for å for sotet ned i omnen. Spør om hjelp om du er usikker
  • Ved feiing frå loft må tilkomst avtalast

Ønsker du meir informasjon

Kontakt

Rune Høydal
Feiar
Mobil 975 28 887