MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Graveløyve

Graveløyve

Graving i kommunal veg
Når det skal gravast i kommunal veg skal det søkjast løyve hjå kommunen.

Graving i kommunal veg
Før gravemelding  blir sendt til kommuna må du kontakte Geomatikk for å få oversikt over straum og telekablar (kommunikasjonskablar). Tilbakemeldinga frå Geomatikk skal alltid leggast ved når du søkjer gravemelding hjå kommunen. Bruk kommunen sitt gravemeldingsskjema. Gravemeldinga sendast pr. epost til post@stad.kommune.no.

Graving i europa-, riks- og fylkesveg.
For graving i eller ved andre offentlege vegar enn kommunal veg må det også søkjast om løyve frå Statens vegvesen eller Vestland fylkeskommune.

Graving på eigen eigedom
Dersom du skal grave på eigedomen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva leidningar som ligg i grunnen. Dette gjeld vassleidningar, kloakkleidningar, straum og kommunikasjonsleidningar. For straum- og telekablar kontaktar du Geomatikk og deretter sende eiga gravemelding til kommunen. Legg ved av tilbakemeldinga frå Geomatikk til post@stad.kommune.no.

Stad kommune har innført gebyr på graveløyve – sjå Gebyr og betalingssatsar.

Søk graveløyve