Veglys og drift av desse

Stad kommune driftar alle veglysa langs dei kommunale vegane. Langs fylkesvegane er det i hovudsak Vestland fylke som har ansvar for veglysa, men her er også nokre kommunale anlegg.

Veglys langs riksvegane er Statens vegvesen sitt ansvar. Feil på veglys langs riksvegane, må meldast på telefon 175.

Det går mot mørkare kveldar, og vi får meir behov for  lys i lampane langs vegane våre.

Stad kommune skal foreta pæreskift og reparasjonar no framover. For å få med alle mørklagde lampar, er vi avhengige av tips frå dykk som brukar vegane.

Så ser du mørklagde lampar, ber vi om at  melder dette inn på digitalt  skjema. Vi oppmodar alle om å nytte dette skjemaet for at vi lettare kan sortere ut kva gatelys kommunen har ansvar for.  Det er viktig at de sender inn så mykje informasjon som mogleg slik at reperatørane finn lampane som ikkje virkar.

Meld frå om feil og manglar på lys