Vintervedlikehald

Vintervedlikehald

Formål

  • Halde dei kommunale vegane så trafikksikre som mogeleg gjennom vinteren.
  • Kommunen har ansvar for å brøyte og strø kommunale vegar, gang-/sykkelvegar og fortau, samt ved kommunale bygg

Korleis

  • Stad kommune utfører sjølv brøyting og strøing i sentrum Selje og Nordfjordeid.
  • I bygdene elles vert brøyting og strøing utført av entreprenørar. 
  • Kommunen har brøytevakt på kommunale vegar og er i beredskap heile døgnet.

Ditt ansvar

  • Bruk sunn fornuft slik at vi alle er med å bidreg til god framkomst.
  • Ikkje parker slik at du står til hinder for brøytebilen og husk at brann- og renovasjonsbilar treng minimum tre meter breidde for å komme fram.
  • Sjå til at gjerder, hekkar, tre, garasjar og andre innretningar på naboeigedom til kommunal veg tåler konsekvensane av normalt vintervedlikehold.
  • Fjerne tre og anna vegetasjon går ut trafikkareal.
  • Rydde bort snø på fortau mot offentleg stad og strø areala når det er glatt.
  • Du må akseptere at snø frå kommunal veg vert brøyta inn i private avkøyrsler.
  • Ikkje brøyte snø frå fortau, private vegar og avkøyrsler ut i offentleg veg.