Selje reinseanlegg

Detaljregulering for nytt reinseanlegg i Selje er under arbeid. På denne sida kan du finne informasjon om planprosessen og dokument som er utarbeidd.

Bakgrunn - nytt reinseanlegg i Selje

  • Det kommunale silanlegget i Selje handterer i dag avløpsvatn for 1150 personekvivalentar (PE).
  • Anlegget er i dårleg teknisk stand og oppfyller ikkje krav i gjeldande utsleppsløyve eller krav i ureiningsforskrifta. Utslepp vert i dag ført direkte til Hovsundet. 
  • Eit nytt reinseanlegg vil betre reinsegraden og gi mindre utslepp til fjorden. 
  • Dagens silanlegg skal byggast om til pumpestasjon som skal frakte kloakk til det nye reinseanlegget.

Framdrift i saka

  • Oppstart av planarbeid vart handsama i formannskapet 28. november 2024 og vart varsla 10. desember 2024. 
  • Framdriftsplanen tek sikte på førstegongs handsaming av planforslag våren 2025, og deretter høyring og offentleg ettersyn i minimum 6 veker.  Det vil bli lagt opp til eit ope møte med presentasjon av planforslaget i høyringsperioden. 
  • Endeleg vedtak av planen vil vere mogleg hausten 2025. 
Varslingsgrense for oppstart av detaljregulering for reinseanlegg i Selje

Meir informasjon

Det er planlagt følgjande utgreiingar/analyser i tilknyting til planarbeidet: 

  • ROS-analyse
  • Rammeplan for vatn, avløp og overvatn (VAO)
  • Geoteknisk notat (grunntilhøve)
  • Kartlegging av naturmangfald (rekefelt, gyteområde for torsk, hyse og lysing, tareskog og skjelsand, vassmiljø og littoralbasseng som ligg i nærleiken av planområdet)

Lenke til arkivsak for detaljregulering:

Sak 2024/4274 - Detaljregulering for reinseanlegg i Selje

Lenke til temaplan for avløp:

Temaplan for vassforsyning, avløp og overvatn 2023-2034

Artikkelliste

Kontakt

Gry Otneim Leikanger
Fagleiar plan og forvaltning
E-post
Telefon 97 99 04 22
Mobil 97 99 04 22
Torfinn Myklebust
Prosjektleiar
E-post
Telefon 48 14 94 94
Koen Vanacker
Fagleiar vatn, avløp og overvatn
E-post
Telefon 94 14 77 19