MELDING

INFO korona nasjonalt

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om korona: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

INFO korona Stad kommune Information about corona in other languages

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern: e-post korona@stad.kommune.no

 

Bålbrenning og open brenning

Bålbrenning og open brenning

Lurer du på kva reglar som gjeld for utandørs brenning? Her er gode råd for bålbrenning og anna bruk av eld ute.

Gjennom Stad kommune sin Lokale forskrift er det eit forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar. Formålet med dette er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av slike aktivitetar. Nokre type brenningar er likevel unntatt frå forbodet.

I Stad kommune er det lov med:

  • Open brenning på grillinnretning, utepeis og turbål brukt i tradisjonelt friluftsliv der det opplagt ikkje kan starte ein brann.
  • Brenning av avispapir og reint trevirke i vedomn, heime eller på fritidsbustad.
  • Jonsokbål og av reint trevirke, etter melding til Alarmsentralen. Bålplassen skal ryddast etter bruk.
  • Bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap utanfor tettbygd strok, etter løyve frå kommunen og melding til Alarmsentralen.
  • Brenning av tørt hageavfall der det ikkje er til sjenanse for andre, etter melding til Alarmsentralen.
  • Brannøvingar/undervisning, medrekna øvingsbrenning av kondemnerte og hus som er miljøsanerte samt kontrollerte sløkkeøvingar i samband med brannøvingar i regi av Stad brann og redning.
  • Brenning skal kun finne stad der det openbart ikkje kan føre til brann og er underlagt rammene som følgjer av forskrift om brannforebygging.

Kommunen kan i særskilde høve, etter søknad, gje dispensasjon frå forbodet. Kommunen kan ikkje gje dispensasjon for brenning av produksjonsavfall eller brenning av avfall i småomnar.

Bålbrenning

Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjere opp eld nær skog og i all anna utmark utan løyve frå kommunen. Då er faren for å forårsake gras- og skogbrannar større enn elles i året. Det er likevel lov å gjere opp eld der det absolutt ikkje kan medføre brann.

I perioden 16. september til 14. april er faren for å forårsake gras- og skogbrannar normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjere opp turbål brukt i tradisjonelt friluftsliv.

Den som tenner bålet står ansvarleg for dei vurderingane som vert gjort. 

Kva skal du passe på når du brenner bål? Ved all brenning må du vere forsiktig. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. § 3 i forskrifta seier at det er generelle krav til aktsomheit. Kvar enkelt person pliktar å vise aktsomheit ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. Det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstander utandørs under slike forhold, eller på en slik måte, at det kan føre til brann. 

Retningsliner:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale
  • Hald bålet under oppsyn og kontroll
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantenneleg tøy
  • Slokk alltid bålet forsvarleg med rikeleg mengder vatn. Finst det ikkje vatn på staden, må du ta med
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar
  • Ver svært varsom med bruk av eingangsgrill. Den er ofte grunnen til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingangsgrillen på brennbart underlag og slokk den heilt etter bruk

Du kan altså søke kommunen om løyve for dispensasjon frå forbodet. Send ein søknad til post@stad.kommune og merk e-posten med «søknad om brenning». Vi treng opplysningar om ansvarleg søkar, kva som de ønskjer å brenne, kor og når.

Her kan du melde om bålbrenning til 110-sentralen

Sjå nasjonalforskrift om brannforebygging 

 

Kontakt

Geir Petter Hatlenes
Brannsjef
E-post
Telefon 979 90 434
Mobil 979 90 434