Stad

Open brenning og brenning av avfall i småomner

Open brenning og brenning av avfall i småomner

Lurar du på kva slags brenning som er lovleg, kva som er ulovleg og kva det må søkast om? Her for du ei oversikt over gjeldande lovverk i kommunen.

Gjennom Stad kommune sin Lokale forskrift er det eit forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar. Formålet med dette er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av slike aktivitetar. Nokre type brenningar er likevel unntatt frå forbodet.

I Stad kommune er det lov med:

  • Open brenning på grillinnretning, utepeis og turbål brukt i tradisjonelt friluftsliv der det opplagt ikkje kan starte ein brann.
  • Brenning av avispapir og reint trevirke i vedomn, heime eller på fritidsbustad.
  • Jonsokbål og av reint trevirke, etter melding til Alarmsentralen. Bålplassen skal ryddast etter bruk.
  • Bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap utanfor tettbygd strok, etter løyve frå kommunen og melding til Alarmsentralen.
  • Brenning av tørt hageavfall der det ikkje er til sjenanse for andre, etter melding til Alarmsentralen.
  • Brannøvingar/undervisning, medrekna øvingsbrenning av kondemnerte og hus som er miljøsanerte samt kontrollerte sløkkeøvingar i samband med brannøvingar i regi av Stad brann og redning.
  • Brenning skal kun finne stad der det openbart ikkje kan føre til brann og er underlagt rammene som følgjer av forskrift om brannforebygging

Ut over dette kan kommunen i særskilde høve, etter skrifteleg  søknad, gje dispensasjon frå forbodet etter § 4 i den lokale forskrifta.

Send ein søknad til post@stad.kommune.no og merk e-posten med «Søknad om brenning». Vi treng opplysningar om ansvarleg søkar, kva som de ønskjer å brenne, kor og når.

Kommunen kan ikkje gje dispensasjon for brenning av produksjonsavfall eller brenning av avfall i småomnar.

Her kan du melde til 110 sentralen Vest

Husk at du skal ikkje ringe 110 sentralen, dei tar berre imot digitale meldingar.