Seksjonering av utearealDersom du ønskjer at utearealet i sameiget skal fordelast på eigarseksjonane til eksklusivt bruk, må du søkje om oppmåling av utearealet. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyre dei ulike seksjonane og kan ikkje endrast på utan samtykke frå eigarane av seksjonane. Vilkår for fordeling av uteareal Alle som eig ein seksjon må kunne kome seg fram til sin eigen seksjon frå fellesarealet. Uteareal som er vedteke som fellesareal i byggjeløyvet eller reguleringsplan kan ikkje fordelast til enkelte seksjonar. Desse må vere fellesareal. Så lenge desse to vilkåra er oppfylt står du fritt til å fordele utearealet slik du sjølv vil. Kva kostar det? Seksjonering av utearealOppmåling av uteareal på eigarseksjonPrisPris per oppmåling for inntil 8 grensepunkt16 200Pris per innmålte grensepunkt frå nr 9675 Du må i tillegg betale for handsaming av seksjoneringssøknad/ reseksjoneringssøknad. SeksjoneringSeksjoneringPrisSak utan synfaring, opptil 6 seksjonar10 800Sak utan synfaring, over 6 seksjonar13 500Oppheve seksjonar4 050Synfaring2 700 Slik søkjer duDu kan fordele uteareal; Samstundes som du seksjonerer for første gong: Her finn du søknadsprosessen for seksjonering. Etter at eigedomen er seksjonert: Her finn du søknadsprosessen for reseksjonering. Saman med søknaden om seksjonering/ reseksjonering leverer du inn: Søknad om oppmåling Eit situasjonskart der du har teikna inn fordelinga av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal med tilleggsareal og seksjonsnummer på den seksjonen arealet skal tilhøyre. Du må også skilje tydeleg mellom kva som skal vere tilleggsareal og fellesareal. Kva skjer vidareKommunen vil kalle inn til oppmålingsforretning for oppmåling av utearealet som skal fordelast. Du får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga.Gjeldande lovverkEigarseksjonslova:Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering Matrikkellova:Plan- og bygningslova: Publisert 30.10.2019 14.57 Sist endra 22.01.2024 09.26