Planstrategi

Kommunane har mange planar for areal og verksemdområde. Planar blir utarbeidde både etter plan- og bygningslova og anna lovverk, sjå figur nedanfor som syner plansystemet. Dei planane som er utarbeidde etter plan- og bygningslova er samla her.

Innan første året i kvar valperiode skal kommunestyret vedta ein kommunal planstrategi. Dette er ikkje ein plan, men eit verktøy for kommunen til å fastleggje og prioritere det vidare planarbeidet.

Føremålet med den kommunale planstrategien er å få ein samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien kan i tillegg gje føringar for kommunen sitt plansystem og planressursar.

Planstrategien er heimla i plan- og bygningslova § 10-1. Det står her at planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden.