Haugen skule er eit oppvekstsenter, lokalisert på Haugen, 5 kilometer vest for Nordfjordeid sentrum. Skulen er fulldelt, 1. til 7. trinn, og har 70 elevar.
Visjon
Haugen skule skal ha eit inkluderande læringsmiljø prega av aksept, tryggleik og lyst. Vi ønskjer at Haugen skule skal vere ein god stad å vere og lære for alle. Ingen er like. Vi er alle forskjellige. Vi skal aksepterte andre for den dei er.
Vi vil at alle skal kjenne seg trygge og at ingen skal bli plaga eller krenka.
Auka trivsel gir inspirasjon og lyst til å lære.
Publisert 30.10.2019 19.56
Sist endra 26.08.2025 09.50