Vedlikehald langs kommunale vegarDet blir årleg utført kantslått langs kommunale vegar i Stad kommune frå og med veke 25. Arbeidet startar opp aust i kommunen og fortsett vestover. Vi ber grunnleigarar med hekk nær inn til kommunal veg om å gjere ei markering av desse under slåtten, slik at dei ikkje vert klipte av kantslåttmaskina. Hjelp oss med å skape god trafikktryggleikKommunalteknikk arbeider for at det skal vere trafikksikkert og trygt å ferdast i Stad kommune, men treng hjelp til å sikre at vegetasjon på privat eigedom ikkje hindrar sikt. Vi oppmodar deg derfor om å sjekke eigedomen din og klippe det som er naudsynt. - På den måten bidreg også du til eit trafikksikkert lokalmiljø.Sjå rettleiaren her om reglane for fri sikt ved avkøyrsle. (PDF, 799 kB) Publisert 16.06.2025 12.26 Sist endra 14.08.2025 13.51