Budsjettarbeid 2027
Kommunestyremøte 10. september
I kommunestyremøte 10. september vart det lagt fram ei sak som gjer nærare greie for det vidare arbeidet med handlingsprogram 2027–2030, samt ei eiga sak knytt til investeringar 2027–2030. Stad kommune sitt handlingsprogram er ein viktig del av planleggingsprosessen for kommunen då handlingsprogrammet gjev grunnlag for prioritering av ressursar og tiltak innanfor kommunen sine økonomiske rammer. I forrige møterunde vedtok Stad kommunestyre driftsrammene for kommunalområda i komande økonomiplanperiode, der dei økonomiske rammene for 2027–2030 er vidareført frå sist vedteken økonomiplan.
Kommunen vart meldt ut av Robek-registrert i mars. I samband med innmeldinga oppstod det ei plikt for kommunen til å utarbeide ein tiltaksplan som skulle synleggjere korleis kommunestyret skal arbeide for å få økonomiplanen i balanse gjennom økonomiplanperioden. Tiltaksplanen danna seinare, saman med budsjett 2026 og handlingsprogram 2026–2029 og rekneskapen for 2025, grunnlaget Stad kommune si utmelding av Robek-registeret. Det blir avgjerande dei neste åra at kommunen føl opp den vedtekne tiltaksplanen som ligg i budsjett og økonomiplanen.
For å forstå handlingsrommet for vidare omstilling og endring i Stad, er det viktig å kjenne den lokale historikken og å forstå dei viktigaste drivarane for norsk økonomi generelt og kommuneøkonomi spesielt. Les meir om dette i sak om Vidare arbeid med budsjett 2027 og handlingsprogram 2027-2030
I kommunestyremøte 22. oktober
Kommunedirektøren orienterte om status og vidare framdrift for arbeidet med budsjettet.
Vidare oppfølging:
- Vidareføre og detaljere tiltaksplanen mot 2030
- Ta inn metodikken i Program for berekraftig økonomi, setje i gang ny samordna prosess
- Dokumenta blir bygd inn i nytt handlingsprogram i Framsikt, men blir også eit eige dokument som må endeleg vedtakast mars 2027

Nytt handlingsprogram
Stad kommunestyre vedtok ein oppdatert samfunnsdel for Stad kommune i møte 18. juni 2026. Samfunnsdelen er kommunen sitt strategiske verktøy for heilskapleg planlegging, og skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon.
Plan- og bygningslova set krav om at samfunnsdelen skal ha ein handlingsdel. Handlingsdelen skal vise kommunen sine prioriteringar og kva kommunen skal arbeide med innanfor kommunen sitt økonomiske handlingsrom dei neste fire åra. Gjennom denne konkretiseringa kan innbyggjarane lettare forstå prioriteringane i planen og den blir oversiktleg og operativ for kommunestyret.
Plikta til å utarbeide kommuneplanen sin handlingsplan samsvarar med kommunelova sitt krav om at kommunane skal utarbeide ein fireårig plan for sin eigen økonomi, med oversikt over forventa inntekter, bruken av midlane og prioritering av oppgåver.
Dei samordna krava mellom plan- og bygningslova og kommunelova gjer det mogleg for kommunen å slå saman kommuneplanen sin handlingsdel og økonomiplan til eit samordna og realistisk planverk for eiga verksemd, for økonomi og for lokalsamfunnets utvikling.
Stad kommune sitt handlingsprogram 2027–2030 er kommunen sitt første handlingsprogram etter vedtaket av ein oppdatert samfunnsdel.

Budsjett 2026 og handlingsprogram 2026-2029
Vedteke budsjett / budsjettsak 12. desember 2025.