Frå 26,2 millionar i minus i 2024 til omstilling og overskot i 2025

Rekneskapen for Stad kommune for 2025 viser eit positivt netto driftsresultat på kr 16,1 mill. Dette utgjer eit mindreforbruk i drifta på 9,3 millionar etter avsetning til bunde driftsfond.  

Hovudpostane som ligg til grunn for det rekneskapsmessige resultatet finn ein under forbruk, inkludert løn, for alle kommunalområda. Av eit budsjettert meirforbruk på 49, 4 mill., basert på budsjettendringssak i desember 2025, utgjer det samla mindreforbruket på kommunalområda om lag 38,6 millionar. Samla sett har vi drifta med om lag 55 årsverk lågare enn budsjettert, seier kommunedirektør Kristine Dahl. 

Rekneskapen vart rapport til SSB i dag, og skal også godkjennast av revisor. Årsmeldinga kjem til politisk behandling i mai 2026 og vil innehalde ei nærare analyse av tala. 

Tabellen under syner netto driftsresultat for Stad kommune etter etableringa i 2020. Tala før 2020 viser samla resultat for kommunane Eid og Selje.

Robek og stram økonomisk styring  

Stad kommune sin økonomiplan for 2025 – 2028 vart vedteken i ubalanse, og Stad kommune vart som følgje av dette meldt inn i Robek-registeret februar 2025. Etter økonomi- og tenesterapport per 30. april 2025 låg driftsresultatet samla sett om lag som budsjett. Driftsbudsjettet for 2025 vart vedteke med eit netto driftsresultat på minus 7,1 %, og balansert i null med bruk av disposisjonsfond på kr 85,1 mill.  

Stad kommune sin økonomisk situasjon var i denne perioden svært dramatisk, og både politisk og administrativt nivå såg raskt at det måtte setjast i verk grep som kunne vere kraftfulle nok til å stogge den negative økonomiske utviklinga. Kort tid etter vart det varsla store innstrammingar i tilsettingar, vikarbruk, overtidsbruk, tenestereiser og kurs og kjøp av varer og tenester.  

Tiltaka viste seg nokså raskt å gje effekt, og i budsjettendringssaka i oktober 2025 kunne kommunedirektøren melde om eit mindreforbruk i løn og reduserte driftskostnadar. Det vart samtidig varsla ei ny budsjettendringssak i desember, på grunn av eit nytt venta vesentleg mindreforbruk på løn.  

– Med budsjettendringssaka i desember vart venta driftsunderskot for 2025 redusert til minus kr 49, 4 mill. Samtidig som ein håpa på eit betre resultat ved sluttføringa av rekneskapsåret, som følgje av svært stram økonomistyring ut året og I tillegg har det vore eit stort fokus på å gjennomføre alle prosjekt og tiltak finansiert frå eksterne midlar, trass lågare bemanning. Dette viser seg å ha gitt stor effekt på slutten av året, seier kommunedirektør Kristine Dahl. 

Eg er svært glad for at grepa har hatt effekt og eg vil rose dei folkevalde for den samla innsatsen og dei tilsette for god ansvarleg og lojal styring og drift, held ordførar Kvåle fram. 

Skatt og rammetilskot frå Staten 

Brutto skatteinngang for kommunen vert påverka av nasjonale skattereglar, lønsnivå, næringssamansetnad og sysselsetting. Skatteinngangen for kommunane i Noreg enda i 2025 på totalt 236,5 milliardar kroner. Dette er om lag 23,1 milliardar kroner (10,8 prosent) høgare enn i 2024 og 2,2 milliardar kroner høgare det som låg til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2025.   

For Stad kommune er skatteinntekter og rammetilskot i 2025 om lag 5,3 betre enn budsjett. Som ein del av skatteinntektene inngår også kommunen sin eigedomsskatt. 

Økonomisk utvikling framover 

Kommunestyret gjorde i sak 25/137 i september 2025 vedtak om innsparingar i kommunalområda sine budsjettrammer for alle åra i planperioden 2026-2029. Trass store innsparingar, er det budsjettert med bruk av disposisjonsfond fram mot økonomisk balanse i åra 2028 og 2029.  

Økonomisk berekraft er avgjerande for å kunne oppretthalde og vidareutvikle tenestetilbodet til kommunen sine innbyggjarar både på kort og lang sikt. Som følgje av eit budsjettert meirforbruk i drifta dei komande åra, som er planlagt balansert ved bruk av disposisjonsfond, så betyr det at arbeidet med å ta ned driftsutgiftene må halde fram med full styrke. Tiltaka rundt innstramming i bemanning, reiser, kjøp av tenester med vidare vil bli vidareført, og kommunestyret vil følgje den økonomiske utviklinga tett, seier ordførar Judith Kvåle. 

Stad kommune må også som følgje av demografiske endringar, auka etterspurnad av tenester frå den yngre brukargruppa og ein stadig vanskelegare rekrutteringssituasjon halde fram med å omstille oss til ei ny tid, avsluttar ordførar Judith Kvåle. 

Tabellen under syner netto driftsresultat for åra 2026 – 2029 slik det er vedteke i Budsjett 2026 og handlingsprogram 2026 – 2029.