Stad, Stryn og Luster kommunar har, saman med Folkehelseinstituttet (FHI), gjennomført ei Mini Metodevurdering (MMV) av digitalt tilsyn og monitorering av søvn. Kommunane satsar på digitalt tilsyn ved hjelp av Somnofy og har samla anskaffa 160 einingar. Stad og Luster innførte løysinga i november 2024, og Stryn planlegg oppstart hausten 2025. Minimetodevurdering er eit verktøy kommunane kan nytte når ein planlegg for nye tiltak, prioritere mellom tiltak, ynskjer å endre organiseringa av tenestene eller har eit behov for forskingsbasert kunnskap.
Digitalt tilsyn kan gi store innsparingar, betre arbeidsmiljø og auka tryggleik for brukarane. Stad kommune kan redusere store driftskostnader og frigjere tid ved å redusere fysiske tilsyn på natt. Rapporten vise at digitalt tilsyn kan gi beslutningsstøtte og viktig helseinformasjon, som kan førebyggje infeksjonar og fall. Rapporten viser at digitalt tilsyn kan føre til positive endringar i arbeidstid, bemanning og arbeidsmiljø. For bebuarane er digitalt tilsyn mindre inngripande enn fysiske tilsyn. Dette kan bidra til raskare hjelp og auka tryggleik for bebuarane. FHI understrekar at sjølv om digitalt tilsyn kan vere nyttig, er det behov for meir forsking for å fastslå dei fulle effektane. FHI følgjer Stad, Stryn og Luster vidare det første året for å dokumentere utfordringar og effektar ved implementering av ny teknologi i tillegg til minimetode-vurderinga som er gjort.
– Vi vil trappe ned på dagens tiltak med faste tilsyn. Dette vil gi auka kvalitet i tenesta ved at vi unngår å forstyrre pasientar med å avbryte søvn. Vi vil kunne oppdage endringar i helsetilstand tidlegare, slik at vi kan gi hjelp raskare og bebuaren kjenner seg tryggare. I tillegg vil vi kunne kartleggje søvnmønster over tid og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak basert på dette. Samla sett vil ein også få betre oversikt over alle bebuarane på ei avdeling samstundes. På den måten kan tilsette gi hjelp til enkeltpersonar når det trengst, utan å måtte uroe seg for dei andre, seier Hilde Barmen, rådgjevar for helseteknologi i Stad kommune.
Auka bruk av helseteknologi har vore ei langsiktig satsing i kommunen, forankra både administrativt og politisk.
Les meir om mini-metodevurderinga her: Digitalt tilsyn og søvnmonitorering - Stad kommune
Somnofy i Stad kommune
Informasjon om helseteknologi (velferdsteknologi) i Stad kommune.
Video om velferdsteknologi
Info om leverandøren Vitalthings