Til deg som dyrkar bær eller kanskje kan tenke deg å starte med bærproduksjon:
Landbrukskontoret vil med dette invitere deg til ei inspirasjonssamling for bærprodusentar på Innvik Fruktlager onsdag 11. februar kl. 18:30-21:00
Her blir det innlegg frå m.a. Anita Roset (Innvik Fruktlager) og Jann Vestby (Gardsbrenneriet), tid til diskusjon og prat, og det blir kaffi og litt å bite i.
Meir informasjon kjem!
Målgruppe: Unge/nye/interesserte/potensielle bærprodusentar i kommunane Stad, Gloppen og Stryn.
Ta gjerne med deg ein nabo, ven eller støttespelar og tips gjerne andre du tenkjer dette kan vere aktuelt for!
Publisert 07.01.2026 13.37
Sist endra 07.01.2026 13.39